NPK: Fiskeridepartementet stiller strengare krav for både brønnbåtar og leverandørar til havbruksnæringa når det gjeld utslepp av blant anna legemiddel.
Eit nytt regelverk skal gjere det tydeleg kva ansvar og plikter for vare- og tenesteleverandørar som gjennomfører arbeidsoperasjonar ved akvakulturanlegg, opplyser direktoratet i ei melding onsdag, ifølgje Fiskeribladet.
– I dag er det fastsett nye krav for å hindre, oppdage og avgrense rømming, som gjeld både vare- og tenesteleverandørar og innehavarar av akvakulturløyve. Samstundes er reglane om bruk og utslepp av legemiddel utvida og oppdatert. Det er også forskriftsfesta ei tryggingssone ved havbruk til havs som gjeld for alle, heiter det i meldinga frå Fiskeridirektoratet.
Dei viser til at det lenge har vore eit stort behov for å konkretisere ansvaret til aktørane ved gjennomføring av aktivitetar knytte til drift av akvakulturanlegg. Alle krav og plikter for både vare- og tenesteleverandørar og oppdrettar. og som blir grunngitt i miljøomsyn, er no samla i den nye akvakulturforskrifta.
Direktoratet meiner at ansvar og plikter med dette blir meir tilgjengelege, tydelege og regelverket blir meir føreseieleg.