nyhende

Fisking er populært blant mange, men å selje fangsten er berre lov for yrkesfiskarar, opplyser Fiskeridirektoratet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Fisking er populært blant mange, men å selje fangsten er berre lov for yrkesfiskarar, opplyser Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet åtvarar mot ulovleg sal av fisk i sosiale medium

Fleire fritidsfiskarar sel fisk i sosiale medium, særleg på Facebook. Det er ulovleg, åtvarar Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

– Vi ser ein urovekkjande auke i annonsar der privatpersonar og fritidsfiskarar sel fisk direkte til andre privatpersonar, seier Nils-Olaf Larsen i Fiskeridirektoratet.

Han viser til eit døme der ei mor selde fisk som barnet hennar hadde fiska.

– Dette er ikkje lov og kan føre til både bøter, inndraging av fangst og utstyr, seier han.

Berre registrerte yrkesfiskarar med godkjend båt og løyve kan selje fisk. Også dei som kjøper fisken, kan bli haldne ansvarleg.

– Det skaper urettferdig konkurranse, skadar dei seriøse aktørane og gjer det vanskeleg å ha oversikt over fisket og kor mykje som blir henta opp frå havet, seier Larsen.

Powered by Labrador CMS