nyhende
Fire 11-åringar redda livlaus mann
Søndag ettermiddag gjorde tre unge sveibuar og ein besøkande fetter ein innsats som redda liv. Dei fire gutane fekk fatt i ein medvitslaus badar, snudde han og klarte å halda hovudet hans over vatn.
Dei fire redningsheltane er Herman Salte-Enoksen, Oliver Ytreland Måge, Daniel Kalukila Nesse og Samuel Timmermann Enoksen. Dei tre førstnemnde er frå Rophus og Sveio, medan Samuel frå Moss er på sommarbesøk hos fetter Herman.
Etter ein litt roleg dag hos Herman på Rophus, hadde dei fire gutane lyst til å hoppa og stupa.
– Svigerinna mi og mor til Samuel, Anette Enoksen, køyrde dei derfor til Haugesund og stupebretta i Haraldsvang, fortel Ine Salte Andersen, som er mor til Herman.
Ingen vaksne reagerte
Etter dei hadde hoppa litt frå fem- og sjumeteren, gjekk dei fire 11-åringane bort til tremeteren for å «dødsa». Det var då den kjekke ettermiddagen tok ei dramatisk vending.
– Me såg at mannen før oss stupte og landa hardt på magen. Først såg det ut til at det hadde gått bra med han, for han svømte inn mot stigen. Så blei han plutselig liggande med ansiktet ned i vatnet, fortel Herman til Vestavind tysdag kveld.
Gutane såg seg om etter vaksne som reagerte, og dei kikka også etter livbøye. Utan å finna nokon av delane.
Fekk hovudet over vatnet
– Då tok eg tak i armen hans og drog han inn slik at me i lag fekk snudd han slik at han hadde hovudet over vatnet. Han var veldig stiv og tung, og me heldt han i lag. Han var heilt kvit på augene og munnen. Ein av kompisane mine ville hoppa uti og hjelpa til derfrå, men eg sa det ikkje var lurt i tilfelle noko skjedde og mannen drog han ned, fortel Herman.
Medan gutane sikra mannen ved kaikanten, ropte dei om hjelp. Anette Enoksen ringte raskt 113, og frå ho fekk svar til ambulansepersonell var på staden gjekk det sju minuttar.
I mellomtida kom vaksne raskt til, mellom anna ein lege, og fekk mannen inn på stranda.
– Dei la han i stabilt sideleie og trykte han på magen. Etter kvart kom det vatn opp, og han begynte å pusta, fortel Herman.
Rosa for innsatsen
Gutane snakka med både politi og ambulansepersoneller etter badeulukka. Dei fekk ros for at dei hadde reagert så raskt og gjort alt rett.
– Korleis er det å ha redda ein mann?
– Bra! Han kom bort til oss etterpå. Takka oss, tok oss i handa og tok bilder i lag med oss, fortel Herman.
Gutane har hatt litt opplæring på skulen, men mykje har dei med seg heimanfrå.
Stolte foreldre
– Me er mykje ved og på sjø og vatn, og snakkar ganske ofte om korleis ein skal oppføra seg og kva ein skal gjera om noko skjer. No fekk dei ein alvorleg oppvekkar om kor fort ting kan gå gale, og kor viktig det er å ikkje bada aleine. Denne mannen var svømmedyktig, men klarte likevel ikkje å berga seg sjølv, seier Salte Andersen.
Denne gongen fekk badeulukka ein lukkeleg ende, takk vera dei handlekraftige 11-åringane.
– Me foreldre er svært stolte av at dei handla raskt og rett heilt på eige initiativ. Det skulle ikkje gått lang tid utan at mannen fekk hjelp før utfallet hadde blitt langt meir alvorleg, avsluttar Ine Salte Andersen.
– Dei er heltar
Mannen gutane redda, heiter Hammad Munir. 25-åringen fortalde om ulukka til Haugesunds Avis søndag kveld.
– Eg er imponert og svært takksam for det gutane gjorde. Dei er heltar som modig og spontant redda meg. Både vaksne og barn har noko å læra av dei. Gutane har fått ei svært god oppdraging og opplæring av foreldra sine, og det sa eg også til mor til ein av gutane, seier Munir til Vestavind tysdag kveld.
– Korleis går det med deg etter ulukka?
– Veldig bra. Etter sjekk av ambulansepersonell vart eg friskmeldt, og kort tid etter var eg i vatnet igjen og både stupte og svømte, seier Munir, som omtalar seg sjølv som ein dyktig svømmar.