nyhende
– Fint for pårørande å sjå
Ti sommarvikarar hjå Sveio kommune har ordna nytt og fint uteområde for omsorgssenteret. Dei får sterk ros frå einingsleiar Camilla Selbak. Ho meiner det gjer kvardagen betre for bebuarar, pårørande og tilsette.
I desse dagar held entreprenørar på å utbetra isolering og klargjera taket til omsorgssenteret. Målet er å gjera bygningen meir energieffektiv, så dei eldre kan halda seg gode og varme.
Ein meir metaforisk varme kan dei derimot få kjenna på ved å rusla til det nye uteområdet som vart laga i sommar. Då gjekk ti sommarvikarar til verks.
Mest handarbeid
– Arbeidet er først og fremst utført av sommarvikarane, i tett samarbeid med tilsette frå eininga drift og anlegg, seier Ørjan Østhus, einingsleiar.
Han fortel at dei er svært nøgde med sommarvikarane, og kan konstatera at dei har jobba hardt.
– Det meste av arbeidet var handarbeid, seier Østhus.
Samspel mellom vikarane og eininga fekk gode resultat. Lastebilen fjerna fleire lass med boss og om lag 13 lass med hageavfall.
Og så leverte den tre lass med bark og eitt lite lass med kvit singel, som vikarane fordelte med hand.
Fint for pårørande
I den nye utehagen kan ein sjå flotte tre og buskar, samstundes som ein kan spasera i vakre omgjevnadar.
Då dei nye plantene skulle i jorda, fekk dei også hjelp av nokre tilsette ved omsorgssenteret.
– Dei var med å velja planter og kvar desse skulle plantast. Dei kledde seg opp i arbeidsklede og vart med, seier Østhus.
– Det har vore ei kjempepositiv erfaring, seier Camilla Selbak, einingsleiar ved omsorgssenteret.
Ho fortel at uteområdet verkeleg behov hadde for å pussast opp, og at reaksjonane har vore gode.
– Det er nok ekstra fint for pårørande at dei kan sjå kor fint bebuarane har det. Dei tilsette får det også finare på jobb, seier Selbak.
Då arbeidet gjekk mot slutten, synest dei tilsette ved sjukeheimen at ungdomane fortente ekstra «løn».
– Siste dag hadde me felles lunsj, då laga me lappar og hadde is og brus, seier ho.
Avgjerande med samarbeid
Eit særs viktig moment i korleis prosjektet vart mogeleg, tross lite budsjett, er det interkommunale samarbeidet. Tre avdelingar innan drift og anlegg hjalp kvarandre, og det spara dei mykje på.
– Me vaktmeistrar har ikkje lastebil, så når avdelinga til veg kunne hjelpa oss så slapp med å leiga utanifrå, seier Østhus.
Det er noko Selbak er samd i, samarbeid mellom kommunale einingar og avdelingar var avgjerande.
– Då kunne me heller nytta pengane til utstyr i staden for å leiga inn arbeidskraft, seier ho.
Dei fekk også råd til nokre nye benkar og bord.
– Det er aldersvenlege møbel, dei har tilpassa høgde og armlene. Dei er lokalt laga i frå Stord, seier ho.
Østhus håpar at samarbeidet kan halda fram. Det er berre til gagn for alle hevdar han.
– Det er kjekkare å vera på jobb når me kan samarbeida slik. Då får me mest ut av kvar krone til skattebetalarane. Det er min jobb, seier han.
Skryt av ordninga
Dessverre er fleire av dei gamle utemøblane er ikkje i god stand. Men, Østhus kan gledeleg melda at den såkalla «dugnadsgjengen», beståande av hjelpevillege pensjonistar hjå Sveio IL, har teke på seg oppgåva å restaurera dei i haust.
Einingsleiaren er på det generelle svært positiv til sommarvikarane og ordninga. Dei unge får både tene pengar og læra mykje nyttig, og eininga hans får læra bort erfaring dei har tileigna seg gjennom tiår. Han legg også til litt ekstra skryt av vikarane.
– Det vart gjort meir arbeid i kommunen i sommar. Dei måla to strøk på ein kommunal tremannsbustad, i tillegg til opprydding både på Lie grendahus og Vikse skule, seier Østhus.