nyhende

Finn nye vennskap gjennom legoklossar

Sveio legoklubb er ein arena for kreativitet og fantasi. Her er det ingen konkurransar eller krefter som blir målte, berre leik eller læring. Som ein bonus kan ein på tvers av skulane finna nye kjennskap før ungdomsskulen.

Publisert Sist oppdatert

Det er tysdag og ein høyra høglydt rasling frå kjellaren på Sveio skule, små hender jobbar ivrig på leit etter neste del i leiken. Rommet bugnar av lego, noko er sortert, men mesteparten er fordelt på stasjonar etter type. På eit mindre rom står det datamaskinar klare til å kopla til meir avanserte legosystem. I Sveio legoklubb er det bygging, konstruksjonar, leik og programmering.

Dommedagsbilen

– Eg har laga ein dommedagsbil, ein RAM-bil og ein fakkel-dagger. Halv fakkel og halvt kniv, forklarar ein ivrig gut. Me får vita at han heiter Ken Arthur Gramshaug, og er veldig glad i å byggja med lego, både her og heime.

Dommedagsbilen til Ken Arthur Gramshaug har utruleg mange funksjonar.

Han hentar dei ulike delane til dommedagsbilen og monterer den villig på ny for å visa. Her er det mange detaljar; pil, kanon, pistol, alarm, missile launcher for å nemna noko. Ulike delar kan også brettast ut, slik at nye funksjonar kjem fram.

– Veit du kvifor den er ein dommedagsbil? Den er førebudd på alt, forklarar 12-åringen, medan han ivrig viser fram alle finessane på plastkøyretøyet.

Plutselig sprett ei pil frå bilen, over bordet og treff ein av dei vaksne.

– Beklager, seier Ken Arthur. Heldigvis vart ikkje skadane frå den godt utrusta bilen omfattande, Trond Magne Meland – leiaren i legoklubben, kjem frå det med helsa i behald.

Pådrivarar

Det har vore veldig stor interesse for legoklubben, som Sveio FAU starta hausten 2019, etter fleire års planlegging. Etter korona-pausen er dei i sving igjen.

– Når den blir ståande slik å blinka, er det som regel feil ein eller anna plass. Sjekk leidningen, tipsar Trond Magne Meland. Tilly Marie Økland var med i legoklubben for første gong då Vestavind var innom. Fleire av deltakarane kan no langt meir innan programmering enn dei vaksne, får me vita.

– Visjonen er å ha eit allsidig tilbod i ein kommune med mykje idrett. Me ønskte å nå ut til alle skulekrinsane i Sveio, og foreina elevar før dei startar på ungdomsskulen, seier Meland.

Jarl Ole Roppestad har i lag med Meland vore pådrivar, medan Tor Arne Sveen Kallevik og Ole Jacob Ravn Ottesen er gode medhjelparar. Dørane til Sveio legoklubb og teknolab som er det fulle namnet, er opne to dagar i veka, med påmelding. For tida er det venteliste.

Befriande leik

– Eg trur ungane har det veldig kjekt og befriande. Mange bygger lego aleine heime, her kan ein byggja saman, seier Meland, som er utdanna førskulelærar og spesialpedagog. Dei siste 2-3 åra har han vore ein del av ressursteamet i Sveio kommune. Mange kjenner nok Trond Magne igjen frå både Gjermundshaugen FUS barnehage og Bua kultur- og friluftsbarnehage.

Gjennom arbeidet med barn har Meland sett at det er behov for alternativ aktivitet, ein arena som kan få fleire til å ta del i ein fritidsaktivitet. Sønene hans er 15 og 22 år og har bygd sin del med lego, men likevel finn han det givande å engasjera seg i barn og unge.

– Kva er motivasjonen din for å vera med i legoklubben?

– Berre sjå, seier Meland, og rettar blikket ut mot ungane og legoen.

– Det er ei glede å høyra at dei har det kjekt i lag. Å høyra stemninga er betalinga. Gjennom lego kan ein finna nye vennskap, seier han.

Mykje av legoen har dei fått frå privatpersonar – ein bærepose her og ein bærepose der. Noko er kjøpt, både brukt og nytt.

– Me tar gjerne i mot meir, seier Meland.

Fire årstrinn

Aldersgruppa er for dei mellom 4. og 7. klasse som går på skule her i Sveio. Ken Arthur er ein ivrig deltakar, som fortel at han har vore med sidan Legoklubben starta. Sidan han går i 7. klasse, betyr det at han er for stor til å vera med neste skuleår.

– Eg kjem til å vera her heilt til det sluttar, seier han bestemt.

Og kanskje er det ei løysing for 12-åringen, for Meland lurer på om han kanskje kan vera med som hjelpar når han begynner på ungdomsskulen.

Daniel Blytt (10) og søskena Julie (10) og Martin (9) Haugen Bua er i full leik på eitt av borda.
Powered by Labrador CMS