nyhende

Fiksa bru

Brua ved Rød har i lang tid hatt eit øydelagt betonggjerde og i mars sette fylkeskommunen opp varsel. No er den endeleg fiksa.

Publisert Sist oppdatert

– Det er jo ikkje bra, sa Roger Lemme i Vestland fylkeskommune om brua i mars.

Då var dei ute på inspeksjon langs vegen, og sette opp varslingar ved det knokke gjerdet. Under inspeksjonen fortalde han at brua skulle utbetrast, men gav ikkje noko tidspunkt for når det skulle skje. No har det kome ei utbetring.

– Den kom opp for nokre dagar sidan, seier Roger Lemme.

I slutten av oktober kom endeleg eit nytt betonggjerde på plass. Det nye gjerdet strekk seg langt forbi det gamle og bortover til følgjande innkøyrsel. Ansvarleg vegentreprenør Mesta stadfestar at det er dei som har gjort arbeidet.

– Det vart også sett opp same type rekkverk i Gullvegen forbi Buavåg, som del av same tiltak, seier Lemme.

Han har ikkje nøyaktig pris enno, men seier at det dreier seg truleg om nokre hundretusen.

MERKNAD:
I første utgåva av artikkelen vart brua omtalt som «Nappabrua». Dette er feil, og skuldast ei misforståing.

Powered by Labrador CMS