nyhende

– Bølgjene med covid-19 kjem til å halde fram, men bli mindre merkbare fordi grunnimmuniteten til befolkninga gjer infeksjonane jamt over mildare, seier Preben Aavitsland, fungerande områdedirektør i Folkehelseinstituttet.Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
– Bølgjene med covid-19 kjem til å halde fram, men bli mindre merkbare fordi grunnimmuniteten til befolkninga gjer infeksjonane jamt over mildare, seier Preben Aavitsland, fungerande områdedirektør i Folkehelseinstituttet.

FHI ventar ny koronabølgje på seinvinteren

– Vi reknar med ei ny bølgje av covid-19 på seinvinteren, seier Preben Aavitsland, fungerande områdedirektør i Folkehelseinstituttet, til NRK.

Publisert Sist oppdatert

Til no har viruset forårsaka store smitteutbrot når det blir kaldt ute, men i år har vinterbølgja late vente på seg. Sjølv om det truleg kjem ei ny bølgje snart, er det ikkje sikkert mange blir sjuke.

FHI skriv i ein rapport om utsiktene for luftvegssjukdommar denne vinteren at den langvarige sjukdomsbølgja i haust er årsaka til at mange nordmenn er meir immune mot virusvariantane som sirkulerer no.

– Bølgjene med covid-19 kjem til å halde fram, men bli mindre merkbare fordi grunnimmuniteten til befolkninga gjer infeksjonane jamt over mildare. Det betyr at ein mindre del av dei smitta opplever alvorleg covid-19-sjukdom, medan ein større del får infeksjon utan symptom eller med berre forkjøling, seier Aavitsland.

Powered by Labrador CMS