nyhende

Det kan komme ein ny influensatopp seinare i vinter, melder FHI.
Det kan komme ein ny influensatopp seinare i vinter, melder FHI.

FHI: To influensavirus i utbrot – kan bli ny sjukdomstopp på seinvinteren

Influensautbrotet i sesongen vart spådd å nå ein topp rundt nyttår, men to separate utbrot kan gi ein ny smittetopp på seinvinteren.

Publisert Sist oppdatert

Influensautbrotet er allereie godt i gang. Det var ein auke i talet på positive testar frå veke 51 til 52, og andelen positive testar gjekk frå 13 til 16 prosent.

Til samanlikning mot fjoråret er det ein nedgang frå 25 prosent.

– Det er hovudsakleg influensavirus A som blir påvist. Blant desse er det no omtrent like mykje subtype H1N1 som H3N2, med ein gradvis aukande førekomst av H3N2, som kan vere i ferd med å komme i fleirtal. Vi har med andre ord to influensavirus i utbrot samtidig, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i vekerapporten sin.

Kan bli ny topp

Dei understrekar at den vidare utviklinga er usikker, men det har i tidlegare sesongar vore vanleg med fallande trend i første halvdel av januar.

– Fallande del positive frå veke 51 til veke 52 hos barn i skulealder kan vere eit første teikn på slik utvikling, skriv dei i rapporten.

Samtidig peikar FHI på at det kan bety at det kan bli ein ny influensatopp seinare på sesongen.

– Vi kan i så fall ikkje sjå bort frå ein ny tilvekst seinare i januar og ny topp på seinvinteren, heiter det.

Sannsynleg nedgang i koronabølgje

FHI-rapporten tek også for seg koronaviruset. Her antek FHI at det er ein nedgang, men det er også noko uvisse her på grunn av endringar i rapporteringa i juleferien.

– Talet på nye innleggingar med laboratoriestadfesta covid-19, har gått ned dei siste to vekene. I veke 52 var det 562 innleggingar, etter 599 i veke 51 og 752 i veke 50, opplyser FHI.

Førebels er det registrert 53 korona-assosierte dødsfall i veke 52, men tala er venta oppjustert for dei siste vekene.

Høgt nivå på talet innlagde

Talet på innlagde med luftvegsinfeksjonar er lågare enn målt mot fjoråret, men det ligg framleis høgare enn dei siste sesongane før starten av pandemien.

I tillegg auka dødelegheita den siste veka før jul og ligg høgare enn venta nivå for denne tida av året, men mykje lågare enn for same periode i 2022.

Powered by Labrador CMS