nyhende

FHI tilrår å ta flåttvaksine i god tid før flåttsesongen startar. ILLUSTRASJONSFOTO: KYRRE LIEN / NTB / NPK
FHI tilrår å ta flåttvaksine i god tid før flåttsesongen startar.

FHI: – Ta flåttvaksinen no

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår folk som vurderer å ta flåttvaksinen, å gjere det no.

Publisert Sist oppdatert

Vaksinen blir teken i fleire dosar, og FHI tilrår at han blir teken i god tid før flåttsesongen startar på våren, skriv NRK.

Vaksinen hjelper mot TBE-viruset, som kan gi ein type hjernebetennelse.

Dei som blir tilrådd vaksinasjon er vaksne og barn som ofte blir bitne av flått og som bur i kystområde. Særleg gjeld dette på Sørlandet og vestsida av Oslofjorden, frå og med Flekkefjord til og med Drammen, eller på austsida av Oslofjorden frå og med Vestby til svenskegrensa.

Risikoen for smitte er høgast langs kysten, og i dei tilgrensande geografiske områda, fordi flåtten trivst best i kyst -og dalområde med lauvskog, kratt og frodig underskog i område der vintrane ikkje er for lange og kalde.

Du treng ikkje å vaksinere deg viss du tidlegare har gått igjennom ein TBE-infeksjon. Då har du nemleg langvarig immunitet.

Powered by Labrador CMS