nyhende

Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

FHI: Smitta held fram med å stige lokalt

Publisert Sist oppdatert

Lokal smitte

Ny smitte registrert hos personar med folkeregistrert adresse i kommunane 26. januar 2022:

Sveio: 10

Haugesund: 162

Karmøy: 103

Tysvær: 33

Bokn: 4

Utsira: 0

Vindafjord: 10

Etne: 6

Stord: 18

Bømlo: 17

Kjelde: FHI/VG

NTB-NPK/VESTAVIND: På Haugalandet vart det registrert meir enn 320 nye koronasmitta personar onsdag.

10 nye sveibuar vart registrert smitta onsdag.

Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, som baserer seg på kor den smitta har folkeregistrert adresse.

Samstundes held talet på innlagde pasientar med korona på sjukehus i Helse Fonna-området stabilt lågt. Talet var 7 torsdag morgon.

Sveio kommune melde onsdag at dei grunna ein pressa situasjon på test- og analysesenter sveibur som ikkje treng det om å la vere å ta PCR-test for å stadfeste positiv sjølvtest.

24.530 nye i Noreg

Det er registrert 24.530 nye koronatilfelle i Noreg det siste døgnet. Det er 8.543 fleire enn same dag førre veke. Smittetrenden er stigande.

Onsdag var 245 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det er åtte færre enn dagen før.

51 av pasientane med covid-19 ligg på intensivavdeling, ein nedgang på ni frå dagen før. Koronapasientane på intensivavdelingane utgjer 21 prosent av alle intensivpasientane i landet.

Av koronapasientane på intensiv får 36 respiratorbehandling. Det er like mange som dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt onsdag.

Endringar i overvakinga

24. januar gjorde Folkehelseinstituttet (FHI) store endringar i overvakinga av covid-19, som fører til at færre positive testar vil bli registrerte i MSIS. Derfor er ikkje tal etter 25. januar direkte samanliknbare med eldre smittetal.

Omlegginga inneber at fleire ikkje lenger treng å ta PCR-test etter å ha testa positivt på sjølvtest, og dermed blir smitten heller ikkje registrert hos FHI. Folk blir likevel oppmoda til å registrere positive testar hos kommunen sin.

FHI bruker no i større grad andre måtar å overvake pandemien på enn smittetal. Hovudgrepet er å følgje med på sjukehusinnleggingar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS