nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

FHI: Ny sveibu smitta med covid-19

Det vart registrert ny smitte i Sveio og i alle nabokommunane tysdag.

Publisert Sist oppdatert

NTB-NPK/VESTAVIND: Det syner tal frå Folkehelseinstituttet, og som VG publiserer. Tala viser i kva kommune dei nye smitta har folkeregistrert adresse.

Éin ny sveibu vart registrert smitta tysdag.

Totalt er det registrert 280 smitta i Sveio. Andel vaksinerte i kommunen er 68,42 %.

7 personar er for tida innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.

I dag onsdag er den einaste dagen med vaksinering i romjula i Sveio. Det er også mogeleg å få drop-in time mellom klokka 10 og 13, melder Sveio kommune.

Her er tala for nye registerte personar med folkeregistrert adresse i Sveio og nabokommuane:

Sveio: 1

Haugesund: 27

Karmøy: 17

Tysvær: 2

Vindafjord: 4

Etne: 1

Stord: 8

Bømlo: 7

4.702 nye i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 4.702 koronasmitta i Noreg. Det er 97 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.360 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.359, så trenden er fallande.

Tysdag var 315 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 13 færre enn dagen før.

120 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 82 på respirator. Det er fire færre på intensiv og tre færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til onsdag var det utført 9,1 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 382.789 personar testa positivt.

Til no har 4.280.889 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.914.962 personar har fått andre og 1.466.322 har fått tredje dose.

Til saman er 1.258 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,6 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 29 dødsfall i Noreg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS