nyhende

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

FHI: Meir enn 600 nye smitta på Haugalandet

Siste døgn var det registrert over 600 nye smitta på Haugalandet. Berre fire er innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.

Publisert Sist oppdatert

Lokal smitte

Ny smitte registrert hos personar med folkeregistrert adresse i kommunane 11. februar 2022:

Sveio: 35

Haugesund: 326

Karmøy: 162

Tysvær: 74

Bokn: 2

Utsira: 0

Vindafjord: 28

Etne: 15

Stord: 61

Bømlo: 54

Kjelde: FHI/VG

NPK-NTB/VESTVAVIND: Det siste døgnet har FHI registrert 24.448 koronasmitta i Noreg.

35 av desse har folkeregistrert adresse i Sveio. Haugesund hadde heile 326 nye registrerte smitta, og totalt på Haugalandet er det registrert over 600 nye smitta siste døgn.

Etter omleggingar i testsystemet blir færre tilfelle enn før registrerte.

Tal frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS) viser at det er registrert 2.644 fleire enn same dag førre veke.

Den 24. januar 2022 gjorde FHI store endringar i testsystemet, slik at færre koronasmitta blir registrerte i MSIS. På grunn av dette er ikkje tal etter 25. januar samanliknbare med tala før.

Omlegginga inneber at fleire ikkje lenger treng å ta PCR-test etter å ha testa positivt på sjølvtest, og dermed blir smitten heller ikkje registrert hos FHI. Folk blir likevel oppmoda til å registrere positive testar hos kommunen sin.

FHI bruker no i større grad andre måtar å overvake pandemien på enn smittetal. Hovudgrepet er å følgje med på sjukehusinnleggingar.

Torsdag var 324 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to færre enn dagen før. 41 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 28 respiratorbehandling. Det er fire færre på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

4 av dei innlagde ligg på sjukehus i Helse Fonna-området.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 19.638 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 19.265, så trenden er stigande.

I alt har 986.855 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Til saman er 1.513 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

22. januar 2022 vart det registrert 24.958 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det gamle testsystemet.

9. februar 2022 vart det registrert 26.109 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det nye testsystemet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS