nyhende

ADHD og autisme har ofte vorte sett på som «gutediagnosar», noko som har ført til underoppdaging blant jenter. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
ADHD og autisme har ofte vorte sett på som «gutediagnosar», noko som har ført til underoppdaging blant jenter.

FHI: Markant auke i ADHD- og autismediagnosar sidan pandemien

Tal frå Folkehelseinstituttet viser ein markant auke i ADHD- og autismediagnosar blant barn og unge frå 2010 til 2022. Auken heldt fram i 2023 og 2024.

Publisert Sist oppdatert

Ein ny rapport frå FHI inneheld analysar for korleis autisme- og ADHD-diagnosar har utvikla seg over tid i ulike aldersgrupper, etter inntekt og landsbakgrunn hos foreldra, og etter kva fylke ein bur i.

For begge diagnosegruppene er det auke sidan 2010. Ifølgje FHI tyder analysane på ein vedvarande trend, med vedhaldande auke framover i førekomsten av ADHD- og autismediagnosar.

Oppdagar jentene i større grad

Særleg for jenter er det kraftig auke frå 2020 for aldersgruppene 13–17 år og 18–30 år. Talet på nye diagnosar i 2020 var nær tre gonger så høgt som i 2010 for ADHD og nær fem gonger så høgt for autisme.

– Dette fell saman med covid-19-pandemien, seier psykologspesialist og avdelingsdirektør Heidi Aase ved FHI.

Ho meiner ei hovudårsak er auka kunnskap om og forståing for korleis ADHD og autisme kjem til uttrykk hos jenter.

– Til dømes er ADHD-symptoma deira ofte mindre synlege og er knytt til merksemd- og konsentrasjonsvanskar meir enn til hyperaktivitet. Auka forståing for kjønnsforskjellar i korleis ADHD og autisme kan komme til uttrykk har bidrege til fleire diagnosar blant jenter, seier Aase.

Rapport om den psykiske helsa til unge

FHI seier generelt at det er avgrensa forståing av kva som driv auken i talet på diagnosar fram. Det trengst meir kunnskap om årsakene til auken og beredskap og sikring av nødvendig hjelp og tilrettelegging for dei som treng det.

Analysen er del av ei temautgåve av Folkehelserapporten som beskriv utviklingstrekk knytt til den psykiske helsa til barn og unge.

Bakgrunnen er ein stor auke i psykiske plager, funksjonsutfordringar og diagnosar hos barn og unge. Det er mykje debatt og eit stort behov for oppdatert kunnskap. FHI ønskjer å løfte nokre utvalde og særleg aktuelle problemstillingar om temaet.

Powered by Labrador CMS