nyhende

Det lokale testsenteret for covid-19 i Aksdal.Arkivfoto: Irene Flatnes Haldin
Det lokale testsenteret for covid-19 i Aksdal.

FHI: Kraftig auke i smitte på Haugalandet

Det var eit smittehopp på Haugalandet og i Sunnhordland siste døgn. Men berre to nye smitta sveibuar.

Publisert Sist oppdatert

Lokal smitte

ny smitte registrert hos personar med folkeregistrert adresse i kommunane 18. januar 2022:

Sveio: 2

Haugesund: 72

Karmøy: 103

Tysvær: 2

Bokn: 1

Utsira: 0

Vindafjord: 2

Etne: 0

Stord: 47

Bømlo: 24

Kjelde: FHI/VG

NTB-NPK/VESTAVIND: Siste døgn kom det ei kraftig auke i talet på nye registrerte smitta haugalendingar.

Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, som er basert på i kva kommunen den smitta har folkeregistrert adresse.

Karmøy sto åleine for 103 tilfelle, Haugesund 72, Stord 47 og Bømlo 24.

I Sveio falt talet ned frå 8 nye registrerte tilfelle måndag, til 2 tysdag.

Talet på innlagde med covid-19 på sjukehus i Helse Fonna-området er stabilt, med 10 tilfelle.

Ny smitterekord i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 15.367 koronasmitta i Noreg. Det er 5.745 fleire enn same dag førre veke og det høgaste talet så langt under pandemien.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 11.180 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 6.865, så trenden er stigande.

To færre på sjukehus

Tysdag var 238 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to færre enn dagen før.

74 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 49 respiratorbehandling. Det er fem færre på intensiv og seks færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

I alt har 538.791 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Førre døgnrekord for Noreg var 15. januar 2022. Då vart det registrert 12.360 smitta.

Til saman er 1.383 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS