nyhende

Det siste døgnet er det registrert 2.907 koronasmitta i Norge. Det er 693 færre enn same dag i førre veke. Trenden er synkande. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Det siste døgnet er det registrert 2.907 koronasmitta i Norge. Det er 693 færre enn same dag i førre veke. Trenden er synkande.

FHI: Ingen nye sveibuar registrert smitta

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/VESTAVIND: Sundag vart det ikkje registrert ny smitte hos Sveibuar. Det syner tal frå Folkehelseinstituttet som VG publiserer.
1. nyttårsdag vart det registrert 9 nye tilfelle i Sveio, men trenden er framleis fallande i kommunen.
9 personar er lagt inn på sjukehus i Helse Fonna-området.

2.907 i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 2.907 koronasmitta i Noreg. Det er 693 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.385 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.416, så trenden er fallande.

Søndag var 314 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 19 fleire enn dagen før.

107 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant desse er 74 på respirator. Det er like mange på intensiv og fire færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til måndag var det utført 9,2 millionar koronatestar her i landet sidan februar 2020.

I alt har 399.318 personar testa positivt, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Til no har 4.282.767 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.918.456 personar har fått andre og 1.528.278 har fått tredje dose.

Til saman er 1.305 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 29 dødsfall i Noreg.

(©NPK)

Lokale smittetal

Registrerte personar med folkeregistrert adresse i kommunane 2. januar 2022:

Sveio: 0

Haugesund: 36

Karmøy: 17

Tysvær: 2

Bokn: 0

Vindafjord: 1

Etne: 0

Stord: 2

Bømlo: 3

Kjelde: FHI/VG

Powered by Labrador CMS