nyhende

vaksine korona pfizer sprøyte janne dirdal østerli
Illustrasjonsfoto.

FHI: Fleire enn 100 nye registrert smitta på Haugalandet

Meir enn 100 nye personar frå Haugalandet vart registrert smitta med covid-19 måndag.

NPK-NTB: Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, som baserer seg på kor den smitta har folkeregistrert adresse.
Tre sveibuar vart registert smitta. Totalt er 312 personar med adresse i Sveio registert smitta siden startan av pandemin.
10 personar med covid 19 er innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området. Talet på innlagde har vore stabilt dei siste par dagane.

6.540 nye koronasmitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 6.540 koronasmitta i Noreg. I Oslo åleine er det registrert nesten 3.300 nye smitta, det klart høgaste talet så langt.

Det nasjonale talet er 1.307 fleire enn same dag førre veke. Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 6.622 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.780, så trenden er stigande.

I alt har 450.908 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. 6. januar 2022 vart det registrert 8.385 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil.

Oslo-rekord

For Oslo er tala for det siste døgnet dei klart høgaste så langt under pandemien. Tala for måndag, som kommunen publiserte på nettsidene sine natt til tysdag, viser at det er registrert 3.296 nye koronasmitta i hovudstaden.

Det er 2.251 fleire enn same dag førre veke og 2.402 fleire enn søndag.

Førre smittetopp i Oslo var 7. januar 2022. Då vart det vart registrert 2.170 smitta. Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 1.326 smitta per dag i Oslo.

270 innlagde

Måndag var 270 koronapasientar innlagde på sjukehus her i landet. Det var 13 fleire enn dagen før.

92 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 63 respiratorbehandling. Det er fire færre på intensiv og tre færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Til saman er 1.350 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

Ny vurdering av tiltaka

Fredag denne veka utgår tiltaka som regjeringa innførte før jul, og det skal gjerast ei ny vurdering av kva for tiltak som skal vidareførast eller eventuelt blir avvikla.

– Vi har sett på veldig mange av dei tiltaka som har vorte sette i verk og også totalsituasjonen – ikkje minst korleis det no fungerer ute i kommunehelsetenesta og på sjukehusa. Det dannar grunnlaget for dei råda vi gir, og så skal jo regjeringa vekte dette mot andre samfunnssektorar enn helsesektoren, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til NRK tysdag morgon.

Han seier at tiltaka som vart innførte for vel ein månad sidan, har gitt veldig god effekt på smittesituasjonen.

– Vi har hatt ei mykje langsamare stigning av omikron samanlikna med andre land. Og vi har ikkje hatt nokon auke i sjukehusinnleggingar, heller faktisk ein nedgang, noko som er veldig gledeleg.

(©NPK)

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad seier at Helsedirektoratet har sett nøye på situasjonen i kommunehelsetjenesten og i sjukehusa når dei har vurdert kva for råd dei skal gi regjeringa om nye tiltak i tida framover.

Faktaboks

Ny smitte registrert hos personar med folkeregistrert adresse i kommunane 10. januar 2022:

Sveio: 3

Haugesund: 29

Karmøy: 45

Tysvær: 14

Bokn: 1

Vindafjord: 2

Etne: 0

Stord: 22

Bømlo: 0

Utsira: 0

Kjelde: FHI/VG

Powered by Labrador CMS