nyhende
FHI: Fire nye sveibuar smitta med covid-19
Smittetrenden er aukande for fleire kommunar på Haugalandet.
NTB-NPK/VESTAVIND: Torsdag vart fire nye sveibuar registert smitta med covid-19. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, som baserer seg på i kva kommunen den smitta har folkeregistrert adresse i.
Smittetrykket er aukande i regionen.
Åtte pasientar er innalgde i Helse Fonna-området med covid-19.
11.597 nye i Noreg torsdag
Det siste døgnet er det registrert 11.597 koronasmitta i Noreg. Det er 3.718 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 7.888 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 5.360, så trenden er stigande.
Færre på sjukehus i Noreg
Torsdag var 243 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 21 færre enn dagen før.
79 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 60 respiratorbehandling. Det er éin færre på intensiv og éin færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
I alt har 483.952 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. 13. januar 2022 vart det registrert 11.825 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil.
Til saman er 1.381 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.
(©NPK)