Smittetalet for Sveio gjekk litt opp igjen laurdag, då fire nye vart registrert smitta med covid-19. Dagen før var talet 1.
Det viser tal frå FHI, publisert av VG.
Tala er basert på kor den smitta har folkeregistrert adresse.
Så langt i pandemien er det registrert til saman 308 smitta veibuar.
Annonse
Karmøy hadde flest
Karmøy hadde fleste nye smitta i regionen laurdag, med 26.
Haugesund hadde berre 5 nye smitta innbyggarar laurdag.
8 innlagde på sjukehus
Annonse
Fredag var 8 pasientar innlagde på sjukehus med covid-19 i Helse Fonna-området, det er 4 færre enn dagen før.