nyhende

Koronatesting på Rommen i Oslo nyleg. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Koronatesting på Rommen i Oslo nyleg.

FHI: Éin ny sveibu registrert smitta med covid-19 sundag

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

Ny smitte registrert hos personar med folkeregistrert adresse i kommunane 9. januar 2022:

Sveio: 1

Haugesund: 41

Karmøy: 48

Tysvær: 12

Bokn: 0

Vindafjord: 1

Etne: 0

Stord: 2

Bømlo: 14

Utsira: 0

Kjelde: FHI/VG

NTB-NPK/VESTAVIND: Sundag vart éin ny person med folkeregistrert adresse i Sveio registrert smitta med covid-19. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet (FHI) som VG publiserer.

309 sveibuar er registrert smitta sidan starten av pandemien.

Smittehopp i Tysvær

Haugesund og Karmøy hadde dei høgaste tala sundag, med høvesvis 41 og 48, men også

Tysvær opplevde eit hopp i smittetalet med 12.

9 personar var sundag lagt inn på sjukehus i Helse Fonna-området.

4.184 nye i smitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 4.184 koronasmitta i Noreg. Det er 1.277 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 6.435 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.568, så trenden er stigande.

Søndag var 257 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var elleve fleire enn dagen før.

96 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 66 respiratorbehandling. Det er tre fleire på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

I alt har 444.368 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje FHI.

Til saman er 1.350 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

6. januar 2022 vart det registrert 8.385 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS