nyhende

Sist det var drop in-vaksinering å soknehuset, blei det kø kort tid etter dørene opna.
Sist det var drop in-vaksinering å soknehuset, blei det kø kort tid etter dørene opna.

FHI: Det hastar med å få vaksinert eldre og personar i risikogrupper

Torsdag i kommande veke er det klart for ein ny runde med drop in-vaksinering mot korona i Sveio. FHI melder i sin vekesrapport at talet på innleggingar på grunn av korona har auka med ni prosent.

Publisert Sist oppdatert

Den venta vinterbølga med covid-19 er i full gang og framleis aukande. Det hastar derfor å få vaksinert eldre og personar i risikogrupper. Sjukehusa og kommunane må vera førebudde på fleire innleggingar med covid-19, skriv FHI.

Det er varianten EG. 5.1, som allereie har vore i Noreg nokre månader, som no gir auken i smitte.

Drop in på soknehuset

Sveio kommune har allereie planlagt ein ny runde med koronavaksinering. Det skjer som fire timar drop in på Sveio soknehus torsdag 23. november. Du treng ikkje å bestilla time, men får vaksinen når du kjem.

Har du spørsmål eller treng å kontakta vaksinekoordinatoren, kan du ringa kommunen sitt servicekontor eller senda e-post til post@sveio.kommune.no.

Målgruppene

Dette er gruppene FHI anbefaler å ta ein ny oppfriskingsdose i løpet av hausten 2023:

  • Aldersgruppa 65 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar
  • Aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • Aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Aldersgruppa 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom etter inviduell vurdering av lege. Vaksinekontoret må kontaktast ved behov for vaksine.
  • Gravide i 2. og 3. semester

Førre runde var 26. oktober, og då blei køen så lang ein periode at den gjekk på utsida av soknehuset. Langtidsvarselet til Yr melder 6-7 grader 23. november, og at det kan bli mykje regn.

Powered by Labrador CMS