nyhende

Friske personar under 65 år vil ikkje lenger få tilbod om vaksinen gjennom det offentlege programmet. Illustrasjonsfoto: Ellen Marie Hagevik
Friske personar under 65 år vil ikkje lenger få tilbod om vaksinen gjennom det offentlege programmet.

FHI ber færre ta koronavaksinen

No er det berre eldre over 75 år og dei i risikogrupper som blir oppmoda til å ta koronavaksinen.

Publisert Sist oppdatert

– Befolkninga har dei siste åra opparbeidd seg høgare immunitet gjennom gjenteken vaksinasjon og gått gjennom sjukdom. Vi endrar no tilrådingane på lik linje med ein del andre land, som til dømes Finland og Sverige, seier avdelingsdirektør Siri Helene Hauge i FHI til NRK.

Friske personar under 65 år vil derfor ikkje få tilbod om vaksinen gjennom det offentlege programmet.

Samtidig vil personar i alderen 65–74 år framleis ha rett til ein oppfriskingsdose, dersom dei ønskjer det.

Ifølgje FHI vil det heller bli tilgjengeleg ein oppfriskingsdose på apoteka seinare i haust. Får å bli vaksinert kravst det ein resept frå fastlege.

Powered by Labrador CMS