Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Festleg og leikande sommar
Det blir ein rik og mangfaldig festivalsommar i Etne og Vindafjord. I Skånevik kjem Pippi og eit storinnrykk av familiar til å setje sitt preg på bygda den eine veka i juli.
— Me merkar at interessa for denne festivalperla aukar, og i år har me meir å by på enn nokon gong, seier festivalsjef Janne Nerheim i Pippifestivalen.
Saman med mora Inger Karin Larsen og Linda Røyrøy står ho bak festivalen som går frå torsdag 10. til søndag 13. juli. Basen for festivalen er hotellhagen på Skånevik Fjordhotel, men han set preg på heile sentrum.
— Det blir eit yrande liv. Me ser familiar som skaper sommarminne saman, og det gjev liv i bygda. Det betyr mykje for både hotell, handel og innbyggjarar, seier Nerheim.
Med fint vêr blir det truleg mange som vil bade både på Peparen og i utebassenget Sjøkanten Trivsel gjennom denne festivalen, så vel som under Skånevik Bluesfestival veka før.
Leik og teater
Gjennom 17 år har det blitt ein tradisjon med teater og aktivitetar i hotellhagen. I år står seks framsyningar av teateret «Pippi Langstrømpe» i sentrum, med Amalie Krogh i både hovudrolla og regi. Ho har spelt Pippi dei siste to åra, og får i år med seg ei blanding av lokale og profesjonelle skodespelarar frå mellom anna Skånevik, Etne, Kvinnherad, Bømlo og Stord.
— Det er kjempekjekt å vere Pippi. Å få spreie Pippi sin bodskap om å vere seg sjølv er veldig fint, og det er kjekt med teater for barn, seier Krogh under ein workshop som gjekk 24. og 25. på hotellet.
Her kunne lokale personar som har lyst til å spele roller melde seg. Åtte barn var med den første av dagane, mens dei vaksne var samla dagen etter.
I fjor selde festivalen over 1 500 billettar. Blant anna var over 300 personar i alle aldrar på den eine framsyninga på laurdagen. Nerheim har store forhåpningar for årets arrangement.
— Me opplever at folk er glade i festivalen. Mange har skapt seg tradisjonar, og kjem att år etter år, seier festivalsjefen.
Også utanom teaterframsyningane er det livleg i hotellhagen. Det blir dyrehage, konkurransar, aktivitetar og kiosk i hotellhagen, og sal av mat og drikke på hotellet. Nytt av året er eit heilt eige hoppeslott, kjøpt inn med støtte frå Skånevik Bygdeutviklingslag. Nerheim lovar også overraskingar.
Fisk og musikk
Det er ikkje berre Pippi som pregar festivalsommaren i Etne og Vindafjord. Grannar-distriktet syder av musikk, aktivitet og folkeliv i juli.
Torsdag 3. juli til søndag 6. juli blir den tradisjonsrike Skånevik Bluesfestival arrangert. Her vert det eit fullstappa program med både nasjonale og internasjonale artistar. Mellom høgdepunkta finn me Staysman, Admiral P, D-A-D, When Rivers Meet og Kenny Wayne Shepherd. Festivalen samlar både blueselskarar og festglade publikummarar, og fyller både hotellplenar, cruisedekk og sentrumsgater med musikk og liv.
Både Sommarfestivalen i Vikedal og Fjæra Fiskefestival går av stabelen laurdag 12. juli. I Vikedal blir det fiskekonkurranse i båthamna på dagtid og fest med livemusikk på bygdahuset om kvelden. Dagen byr på aktivitetar, salsbodar, mat og aftersea-konsert med Makalaust, før Palleband tek over på pubkvelden. Festivalen blei ein stor suksess i fjor etter fem års pause – og alt ligg til rette for å gjenta bragda.
I Fjæra står fisken i sentrum, men også utstillarar og aktivitetar fyller festivalområdet. Her kan ein kombinere friluftsliv med folkeliv – og kanskje stikke av med ein av dei flotte premiane.
Variert roots
Festivalstemninga held fram i Vikedal helga etter, når Vikedal Roots Music Festival fyller bygda frå 17. til 19. juli. Programmet spenner vidt, frå kyrkjekonsertar og barneshow til roots, country og rock. Artistar som Hellbillies, Vamp, The Kilkennys, SKAAR og Vassendgutane står på plakaten, og båthamna blir igjen eit musikalsk sentrum for både dag- og kveldsarrangement.
Med teater, blues, fisking og roots på plakaten er Etne og Vindafjord verkeleg ein festivalregion denne sommaren. Enten du vil dykke ned i Pippi si fantasiverd, kjenne bassen i bringa frå ein rockekonsert, eller kjenne lukta av nyfanga fisk og nysteikt bakverk i båthamna – her er det noko for alle.