nyhende

Festdrakt i vinden – men den må vere heimelaga

Festdrakter blir stadig meir populært og har ført til ein kreativ eksplosjon landet over. For i motsetnad til med bunaden er det meste lov når det gjeld festdrakter. Men drakta må du lage sjølv. Den skal absolutt ikkje kome i ein pakke frå Kina.

Publisert Sist oppdatert

Designkollektivet, Fæbrik, er dei som på alvor har fått fart på trenden med festdrakter. No har dei selt fleire tusen oppskrifter til syglade landet rundt som vil skape si heilt spesielle drakt.

Her snakkar vi ikkje om drakter du kan kjøpe med deg frå billegkroken til OBS. For den trendy festdrakta skal vere 100 prosent heimelaga og materiala og du brukar kan gjerne vere oldemors gamle duk, eller stoffrestar frå bruktbutikken.

Respekt for handverket

Designkollektivet, Fæbrik, har på få år blitt kjent for sitt fokus på berekraft og syglede. Det hjelp også at dei har den kjente influensaren, Jenny Skavlan i spissen for satsinga. Etter at boka, «Sy din egen festdrakt» kom ut, har trenden med festdrakter breidd om seg.

– Folk har fått ein fristad, der dei kan leike seg og vere kreative utan for mange reglar. Det er rett og slett moro å halde på med dette. I Noreg er vi glad i bunaden vår, men for mange er inngangsbilletten for høg og mange kjem også frå ein kultur der dei kanskje føler at dei ikkje kan ha ein bunad, at tilhøyrigheita ikkje er god nok, seier Ingrid Bergtun i Fæbrik.

Mange har også gitt tilbakemeldingar på at det er krevjande å sy si eiga drakt.

– Ekte handtverk tar tid, og det trur eg mange oppdagar når dei går i gang med å sy si eiga festdrakt. Eg trur dette er med på å skape respekt for det handverket det er å sy både bunad og festdrakt, seier grundaren.

Familieminner

Bergtun seier dei aldri har prøvd å lage ein kopi av bunaden og at dette ikkje er nasjonaldrakter.

– Vi tenkte at vi kanskje skulle få kritikk frå bunadspolitiet, men det har vore svært lite kritikk av dette, vi tullar ikkje med bunaden, vi har respekt for den. Dette blir eit supplement. Og så er det moro og miljøvenleg å bruke om att gamle stoffrestar og mykje nostalgi i det å kanskje bruke ein bit av eit gammalt åkle, eller oldemors brudekjole, seier ho.

Sjølv har Ingrid Bergtun sydd seg to festdrakter og er no i gang med å lage ei festdrakt til den vesle dottera. I denne drakta vil det vere stoff som har tilhøyrt både oldeforeldre og besteforeldre.

– På denne måten får vi noko heilt unikt når vi syr slike festdrakter. Vi tar vare på familieminner og vi kan vere kreative og lage eigne broderi og rett og slett skape noko vi kan vere stolte av, seier Bergtun.

Ros frå bunadspolitiet

Bunadssyerske og designar Siri Sveen Håland var for nokre år sidan initiativtakar til foreininga Bunadspolitiet. Målet var å endre norsk lov slik at klede – deriblant bunader- skulle merkast med opprinnelsesland. Så kva meiner sjølvaste Bunadspolitiet om den nye trenden?

– Kjempebra at Fæbrik satsar på festdrakter. Eg synest dei tar opp arven etter Hulda Garborg på ein fin måte. Her gir dei folk ei kortreist drakt som i tillegg er basert på gjenbruk. Dessutan er det fint at vi lærer oss å lage ting sjølve. Billege festdrakter som er importert frå Kina eller andre stader har eg liten sans for. Dette er festdrakter utan eit stort klimaavtrykk og dei er ikkje sendt jorda rundt. Dette er noko eg heiar på, seier Sveen Håland.

Når det gjeld bunader har Håland det same synet som med festdrakter, det må vere norskprodusert.

Dårlege kopiar

– Alt anna er dårlege kopiar. Vi må klare å skape gode løner til dei som syr her heime for å halde bunaden heilnorsk. Sjølv har eg starta opp ein digital bunadsskule der eg for tida har meir enn 3000 elevar. Vi må klare å byggje opp ein berekraftig produksjon her i Noreg for å ta vare på handtverket og bunadstradisjonane.

Også når det gjeld materialane vi brukar er ho opptatt av det norske.

– Vi må satse på norske materialar så langt det går. Når det gjeld silke godtar eg import, og det er også visse ullstoff som ikkje er å oppdrive her til lands, men elles må vi gå for det norske.

Stor bunadinteresse

Hos Husfliden har dei også merka seg trenden med festdrakter og seier dei støttar initiativet til Fæbrik-jentene. Samtidig lever bunadsdraumen for mange og interessa for den særnorske bunaden er stor.

– Vi heiar på gjenbruk og det å ta vare på handtverk, men dei må ikkje late som om dette er bunad. Det er også fint at folk lærer seg å sy på denne måten og skjønar at handtverk er tidkrevjande, seier produksjonsleiar i Husfliden, Ellen Øverland.

I butikken til Husfliden midt i Oslo sentrum er det nok av flotte ting ein kan bruke pengar på. Her er det søljer som kan koste over 40.000 og andre godsaker som freistar for dei som har råd til det. Ein ferdig sydd bunad med sølv og det heile, kan fort kome opp i over hundre tusen kroner.

– Eg skjønar godt at mange vil sy seg si eiga festdrakt når bunaden er blitt så dyr. Likevel opplever vi at folk ønskjer å investere i ein bunad, som er noko som varer livet ut og som i tillegg neste generasjon kan ha glede av, seier produksjonsleiaren i Husfliden.

Powered by Labrador CMS