nyhende

Fersk rapport om dei unge i Sveio: — Ikkje så stor skilnad mellom før og etter korona

Ifølgje ei rykande fersk elevundersøking har ungdomen i Sveio det jamt over godt. — Dei fleste har det bra, medan somme kunne ha hatt det betre, seier Frans Gisle Hansen.

Publisert Sist oppdatert

Han er SLT-koordinator, det vil seia ansvarleg for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak i Sveio kommune.

Onsdag føremiddag la KORUS (kompetansesenteret for rus) fram rapporten for resultata på kommunehuset i Sveio. Mykje tyder på at den psykiske helsa til ungdomane i kommunen har vore stabil i lengre tid.

Har det godt

Kring 85 prosent av ungdomsskuleelevane i Sveio har svart på ungdata-undersøkinga for 2022. Dét tilsvarer 189 av 224 elevar.

På påstanden «livet mitt er bra» har om lag 91 prosent av ungdomsskuleelevane i Sveio svart at dei anten er «heilt samde» eller «ganske samde», og nærare 80 prosent har svart at dei anten er «svært» eller «ganske» nøgde med korleis dei har det.

Sven Gustafsson, seniorrådgjevar i KORUS og ansvarleg for ungdata-undersøkinga i Rogaland, la onsdag sist veke fram resultata for Sveio kommune.

På påstanden «eg trivst på skulen» svarte om lag 84 prosent at dei er «heilt» eller «litt» samde, samanlikna med 88 prosent i 2019 og 94 prosent i 2016.

Tala frå undersøkinga viser elles at trivnad, livskvalitet og sjølvbilete har lege på eit nokolunde stabilt nivå dei siste åra.

Sjakktrekk

Vigdartun har vorte ein sosial arena for mange unge sveibuar. Etter skuletid kan elevane stikka innom for å vera sosiale, prata med andre, laga mat saman og spela biljard og bordtennis. Hansen kallar dette tilbodet for eit sjakktrekk og trur det kan ha styrkt trivnaden i lokalmiljøet vesentleg.

— Kommunen har gjort eit sjakktrekk ved å halda Vigdartun ope for ungdom, for det som er viktigast for kvar einskilde ungdom, er tilhøyrsle og kjensla av eigarskap; at noko er «mitt». Dersom ein kjenner seg utanfor, vert livskvaliteten redusert. På Vigdartun får ungdomen sosialisert seg, noko som er utruleg viktig, understrekar Hansen.

Liten skilnad

Den psykiske helsetilstanden blant unge sveibuar har ifølgje ungdata-undersøkinga ikkje gjennomgått store endringar i kjølvatnet av pandemien. Mange andre undersøkingar har derimot slått fast at koronapandemien hadde ein særs negativ innverknad på den psykiske helsa til unge, og at talet på tilvisingar til helsetenesta auka dramatisk.

— Korleis forklarer du dette tilhøvet?

— Eg trur at dei som hadde det vondt og vanskeleg på førehand, altså rett før pandemien, har fått det verre. Dei som allereie var utsette, miste nemleg ein del av vernefaktorane dei hadde før koronaen, som til dømes kontakt med vaksne, lærarar, vener og så bortetter, forklarer Hansen.

Frans Gisle Hansen, SLT-koordinator i Sveio og Tysvær.

Utan at han kan seia noko for visst, meiner han det er stor sjanse for at dei som var utsette i framkant av nedstenginga, òg utgjer størsteparten av dei som vart tilviste til helsetenesta i laupet av og etter pandemitida.

Han påpeikar at det sannsynlegvis er ein del ungdomar som treng hjelp, men ser samstundes ikkje bort ifrå at delar av den diskuterte uhelsa i samfunnet kan vera medieskapte.

— Tala frå ungdata-undersøkinga viser no at det ikkje er så stor skilnad mellom før og etter koronaen, seier Hansen.

Større rus-aksept

Likevel konstaterer han visse langtidseffektar av nedstenginga, som til dømes:

— Oppslutnaden i organiserte fritidsaktivitetar. Her har det vore ein nedgang og eit stort fråfall, i og med at born og unge måtte vera fråskilde i ein lengre periode.

— Kva opplevde du som mest oppsiktsvekkjande under presentasjonen av rapporten?

Hansen tenkjer seg om i nokre sekund, før han svarer:

— Det eg kanskje er mest uroleg for, er at fleire ungdomar aksepterer eller synest det er innanfor at unge bruker illegal rus. Dette er ein liten tankekross. Årsakene kan vera internett, sosiale medium, politiske rørsler som ynskjer seg ny narkotikapolitikk og liknande, seier Hansen og presiserer at bakgrunnen for ein større rus-aksept blant unge er kompleks.

Powered by Labrador CMS