nyhende

Høgt sommartrykk på ferjene gjer ferjevettreglane ekstra viktige. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Høgt sommartrykk på ferjene gjer ferjevettreglane ekstra viktige.

Ferjepassasjerar er blitt meir høflege

Fjord1 innførte Ferjevettreglane i påska 2024. Målet var å ta opp kampen mot ufin og til dels truande åtferd blant reisande, og å auke tryggleiken og trivselen for alle om bord.

Publisert Sist oppdatert

Ferjevettreglane

  • Ver hyggeleg og vis respekt for mannskap og medpassasjerar.
  • Følg alltid signal og instruksar frå mannskap, dette er viktig for din eigen tryggleik og for logistikken om bord.
  • Gå forsiktig på dekk, her kan det vera glatt, særleg ved is og regn.
  • Hald deg i rekkverket i trapper, slik unngår du fallskadar.
  • Ver ein ansvarleg sjåfør. Mobilbruk bak rattet og born på fanget er ulovleg og gjer deg uoppmerksam.
  • Slå av motor og sett på handbrekk/parkmodus under overfart.
  • Skru av alle utvendige lys på bilen, lyset kan blenda navigatøren på brua.
  • Skru av bilalarm, alarmen kan skade høyrselen til mannskap og passasjerar i tillegg til å skremma born og dyr.
  • Pass på born og dyr under heile overfarten. Mindre born skal ikkje gå åleine på dekk og kjæledyr skal haldast i band eller stå i bur.
  • Ikkje kast avfall over bord, bruk avfallshandteringa vår.

Reglane, som er bygd på malen frå fjellvettreglane, inneheld ti punkt som oppmodar passasjerane til å vise respekt både for mannskap og medpassasjerar. Blant dei viktigaste er å vise høflegheit, følgje instruksar frå mannskapet og å ta omsyn til forholda på dekk.

HMS-inspektør i Fjord1, Caroline Kringstad seier det har vore ein merkbar betring i oppførselen til reisande etter at reglane vart innført, men at der er nokre punkt i ferjevettreglane somme reisande framleis slit med.

– Spesielt om somrane er det mange reisande som ikkje er vande med å reise med ferjer, og som ikkje kjenner til god ferjeoppførsel. Det er ein stor oppgåve å få ut informasjon til turistane om korleis ein skal oppføre seg, i tillegg til dei som reiser fast. Men ein må berre begynne ein stad, så kjem effekten etter kvart.

Bilalarm og ufin oppførsel

Det er mellom anna regel 1 og 2; om å vere hyggeleg og vise respekt for mannskap og medpassasjerar og å følgje signal og instruksar frå mannskap, enkelte har vanskar med.

– Vi har hatt episodar med ufin oppførsel og trugslar om bord mot mannskapet på dekk. Det er krevjande, men dei fleste passasjerar er høflege og gjer sitt beste, så er det somme som skapar støy, men det er i alt få personar.

Det er også framleis fleire tilfelle av bilalarmar som går, og om vinteren ser dei bilførarar som ikkje skrur av lysa på bilen når dei har kome om bord i ferja.

Spesielt med så mange norske og utanlandske reisande som på sommaren, er det viktig med felles køyrereglar, seier Geir Bruvik Mjelde, administrerande direktør i Fjord1.

Står igjen på kaia

Spesielt med så mange norske og utanlandske reisande som på sommaren, er det viktig med felles køyrereglar, seier Geir Bruvik Mjelde, administrerande direktør i Fjord1. Han minner og om at dei ikkje er aleine om reglane.

– Ferjevettreglane blei etablerte ikkje berre hos oss, men òg andre i bransjen, for å oppfordre til best mogleg oppførsel om bord i ferjene.

Mjelde fortel at særleg ferjetrafikken hos Fjord1 på Vestlandet har hatt stort trykk enkelte plassar i sommar, noko som gjer det ekstra viktig å følgje reglane:

– Nokre stader har folk måtte stå igjen på kaia og vente på neste ferje, men ferjedrifta har gått toleleg bra med tanke på korleis det kan vere på somrane. Der er nokre avbrotne ferjeavgangar, men det er det alltid. Nokre samband har òg fått ekstra mannskap på grunn av høgt trykk.

Powered by Labrador CMS