nyhende

Ferje skal døypast – byr på kake, kaffi og sveler

Tysdag føremiddag held Fjord1 vaksendåp for ferja «Bømlafjord». På kaien i Langevåg får passasjerane kaffi, og ferja ein sjampanjeflaske smelt inn i sida.

Publisert Sist oppdatert

Det vert litt opphald i ferjetrafikken tysdag føremiddag, men denne gongen av ein særs hyggeleg grunn. Ferja «Bømlafjord» skal endeleg døypast, etter ei god stund i drift på sambandet mellom Buavåg i Sveio og Langevåg på Bømlo.

– Det er ein vaksendåp, grunna at når den vart levert så kom det mange andre båtar samstundes. Det har teke litt tid å få dei alle i ruter og på plass. Så no vert det vaksendåp, seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.

– Skal den få eit nytt namn?

– Nei, det vert framleis «Bømlafjord» som er namnet, svarar han.

– Korleis døypae ein ei ferje?

– Det vert seremoni på kaia og så servering av svele, kaffi og kake til dei som kjem. Og så nyttar ein ei sjampanjeflaske, seier han.

Siste avgang frå Buavåg før dåpen er 10.30, og første avgang frå Langevåg etter dåpen er klokka 13.00.

Powered by Labrador CMS