nyhende

Uvêret set førebels ein stoppar for ferja mellom Buavåg (bildet) og Langevåg.
Uvêret set førebels ein stoppar for ferja mellom Buavåg (bildet) og Langevåg.

Ferja tilbake i normal drift

Sambandet Langevåg-Buavåg har vore innstilt sidan klokka 08.30. No melder Fjord1 at det blir normal drift frå klokka 13.00-avgangen frå Langevåg.

Publisert Sist oppdatert

Det er uvêret og den sterke vinden som er årsaka til sambandet blei innstilt inntil vidare.

Måndag morgon meldte Yr.no storm i kasta med opp mot 24 m/s (liten storm) i Buavåg og 26 m/s (full storm) i Langevåg.

Vinden er meldt å løya litt utover føremiddagen, men meldingane seier førebels stormkast til rundt klokka 15.00 i ettermiddag.

Powered by Labrador CMS