nyhende
Ferja i rute frå klokka 12.00
Fjord1 melder at sambandet Langevåg–Buavåg vil gå i normal drift igjen frå klokka 12.00. Første avgang går frå Langevåg.
Tjukk skodde har skapt store problem for både ferjer, båtar og fly på ytre delar av Vestland og Rogaland i dag.
Også sambandet Halhjem–Sandvikvåg måtte innstilla frå grytideleg i dag. No er det tilnærma normal drift, men Torghatten melder at vêret blir vurdert fortløpande. Passasjerane må rekna med forseinkingar og lengre overfartstid, og at sambandet kan bli innstilt og opna på kort varsel.
På Haugesund lufthamn Karmøy har skodda ført til både kanselleringar og utsette avgangar.