nyhende
Ferja går som normalt, men no er det glatte vegar
«Pia» har stilna og ferja går som normalt, men no er det glatte vegar som skaper utfordringar.
Førebels har politiet ikkje fått meldingar om problem eller hendingar i Sveio, men seier det er utfordrande forhold mange stadar på Haugalandet og i Sunnhordland.
Nedkjøling gjer at snø, sludd og regn frys på vegen, og då blir det rett og slett spinnglatt.
Alt av mannskap er ute
– Det er utfordrande forhold frå Stord til Arsvågen, men vekslande kor glatt det er. Verst er det på vegane som ligg langs kysten. Når det gjeld E39 i Sveio, som stort sett ligg i innlandet, har me ingen pågåande hendingar no. Men alt av mannskap er ute og saltar, seier trafikkoperatør Eirik Elnes ved Vegtrafikksentralen.
Særleg utfordrande har det vore på Bokn og i Tysvær. Der var det kaos på E39 i natt, og utfordringane held fram i morgontimane. Elnes fortel at brøyte- og saltebilane i natt ikkje kom fram på grunn av fleire vogntog som fekk problem, og det blei lange køar. Dermed måtte ein ut med traktorar for å få rydda og salta.
Køyr etter tilhøva
Statens vegvesen åtvarar mot vanskeleg køyreforhold på riksvegane i Vestland og Rogaland.
Dei ber folk vurdera om dei kan utsette køyreturen til vêrtilhøva betrar seg. Frå fredag ettermiddag ser det ut til å bli ei betring i vêrsituasjonen.
– Me vil oppmoda folk om å køyra etter tilhøva. Det er ikkje om å gjera å koma fort fram, men å koma seg trygt fram. Ta også omsyn til dei som skal gjere en jobb på vegen. Om du kjem bak ein brøytebil, ikkje køyr forbi før den har svinga av vegen. Enkel forsking viser at vegen ikkje er brøytt framfor brøyten, seier beredskapsrådgjevar Henny-Kristin Asperanden Navarsete i ei pressemelding.