nyhende
Ferja er tilbake i normal drift
Langevåg–Buavåg-sambandet blei meldt innstilt frå klokka 05.45 i dagtidleg. Klokka 11.00 var «Bømlafjord» i drift igjen.
Sambandet mellom Langevåg og Buavåg er innstillt inntil vidare grunna teknisk feil melde Fjord1 grytideleg i dag.
Vel fem timar seinare var problema løyst, og «Bømlafjord» gjekk i normal rute igjen. Men dei første timane måtte ein rekna med litt kø.