nyhende

Aksjonen på Vikse 8. oktober utløyste store ressursar. No er saka ferdig etterforska og henlagt.
Aksjonen på Vikse 8. oktober utløyste store ressursar. No er saka ferdig etterforska og henlagt.

Ferdig etterforska og henlagt

Storaksjonen ved Gullvegen, nær Vikse skule den 8. oktober, der store bevæpna mannskap deltok, er nå ferdig etterforska og henlagt.

Publisert Sist oppdatert

– Vedkomande som utløyste aksjonen var anmeldt for mistanke om trugsmål, men etterforsking viser at det ikkje har skjedd noko straffbart, opplyser Helge Varne, avsnittsleiar vold og sedelighet ved Haugesund politistasjon, til Vestavind.

Det blei sett inn store ressursar på oppdraget, då det blei oppfatta som at det var av svært alvorleg karakter. Politiet ønska ikkje å gå i detalj i forhold til innhaldet i meldinga, utover at melding tyda på at det var fare for liv/helse, og at oppdraget blei ressurssett etter dette.

Powered by Labrador CMS