nyhende

Fem sjøhestar funne langs norskekysten

I løpet av ein dryg månad har tre sjøhestar blitt rapporterte inn til forskarane ved Havforskingsinstituttet (HI). No har ytterlegare to blitt funne.

Publisert Sist oppdatert

– Eg fekk heilt hakeslepp, og sette himmel og jord i bevegelse, seier forskar Gro van der Meeren ved HI i ein artikkel på nettstaden til instituttet.

Til NPK seier van der Meeren at det no er funne fem sjøhestar.

Oppstandelsen kom etter at den fyrste sjøhesten blei funnen død i sjøen utanfor Hvaler ytst i Oslofjorden. Nokre dagar seinare kom endå ei registrering, denne gongen i fjøresteinane ved Farsund i Agder. Ein månad etter kom eit tredje funn utanfor Sotra i Vestland, og denne gongen i live. Dei to siste funna av sjøhest kom frå ytre Oslofjord, der det blei funne endå eit dødt individ, og på Jæren.

Første gong på lang tid

– Den siste fann dei på land, men han levde og blei sleppt ut i sjøen igjen.

Ifølgje van der Meeren er dette fyrste gong på lang tid at ein ser sjøhestar langs norskekysten, og dei er særs uvanlege å møta på.

Sjøhesten høyrer nemleg eigentleg ikkje heime i norske farvatn. Dei er ikkje særleg gode symjarar og plar dessutan ikkje å bevega seg så langt nord. Ifølgje HI har ein ikkje dokumentert sjøhestar på norske breiddegrader på fleire hundre år. Lang tid er gått sidan biskop Erik Pontoppidan skildra sjøhest langs norskekysten tilbake i 1752.

Ønskedraum for dykkarar

– For mange dykkarar har det jo vore ein ønskedraum å støyta på sjøhestar i norske farvatn, men det har jo stort sett vore berre ein draum, seier van der Meeren.

Ein veit ikkje kva for art sjøhestane tilhøyrer. Dei to døde sjøhestane er sende til Stavanger museum som skal gjera ein DNA-analyse av dei. Sotra-fararen fekk symja vidare, men bilda av han er sende til ein ekspert i Kroatia. Han meiner det er tale om ein langsnuta sjøhest.

Publikum har meldt inn sjøhestar tidlegare, men har ikkje kunna dokumentera det, og ein har derfor ikkje kunna stadfesta observasjonane.

Powered by Labrador CMS