nyhende
Fem personar drukna i mai
Så langt i år har 26 menneske drukna i Noreg. No er sommaren her, og 40 prosent av drukningsulukkene gjennom året skjer i løpet av sommarmånadane.
Tre av ulukkene i mai skjedde i samband med bruk av fritidsbåt. I tillegg var det ei fallulukke og ei dykkarulukke.
Mellom januar og mai har seks personar omkomne i drukningsulukker i Rogaland. Fem personar har drukna i Trøndelag, fire i Agder og tre i Møre og Romsdal.
Det har vore ei drukningsulukke i både Vestland, Oslo, Troms og Finnmark, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet og Svalbard. Det er ikkje registrert drukningsdødsfall i Nordland hittil i 2023, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.
Flest ulukker i sommarmånadane
No går det mot sommar, og rundt 40 prosent av drukningsulukkene gjennom året skjer i sommermånadane juni, juli og august.
– Politikarane er opptatt av drukningsforebygging kvar sommar, men me venter framleis på at Stortinget faktisk vedtar ein nullvisjon for alle typer drukningsulukker og set i gang arbeidet med en nasjonal handlingsplan for drukningsforebygging, sier Grete Herlofson, generalsekretær i Redningsselskapet.
Drukning i samband med bruk av fritidsbåt, fall frå land og under bading er dei dei mest vanlege ulukkestypane om sommaren.
Lær deg livredning
—Vis godt vassvet når du er på, i eller ved vatn og sjø i sommar. Me oppfordrar også alle til å læra seg korleis dei kan redda andre på ein trygg måte og korleis ein utfører hjarte- og lungeredning, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsforebygging i Redningsselskapet.
Ho fortel at kvar sommar blir mange personar redda fordi nokon i nærleiken er merksame og veit kva dei skal gjera når ulukka er ute.
Redningsselskapet har laga eit gratis nettbasert introduksjonskurs om livredning, som tar 20-30 minuttar å gjennomføra.