nyhende

Haugesund sjukehus 21-8-2019_8 copy

Fem koronapasientar på Haugesund sjukehus

Ein må tilbake til april for å finna tilsvarande tal for innlagde pasientar.

Publisert Sist oppdatert

Talet på pasientar med påvist covid-19 aukar i takt med smitten i regionen. Måndag morgon er fem pasientar med covid-19 innlagt på Haugesund sjukehus. Ein av desse er innlagt i løpet av siste døgn.

– Dette fører til at ein no må redusere litt planlagt drift, for å ha nok ledige senger dersom talet på koronapasientar aukar endå meir, opplyser kommunikasjonssjef i Helse Fonna, Magne Kydland i ei pressemelding.

Tre menn og to kvinner

Det har ikkje vore så mange pasientar med covid-19 på Haugesund sjukehus sidan byrjinga av april i fjor. Dei innlagde pasientane er tre menn i alderen 18-64 år, og to kvinner på 65+. Ingen av desse har behov for intensivbehandling.

Adm. dir i Helse Fonna, Olav Klausen.

– Dei pasientane som får avlyst timar blir kontakta. Elles ber vi folk om å møte opp til avtalte timar, seier adm. dir. i Helse Fonna, Olav Klausen. Han understrekar at ein er ekstra nøye på smittevernrutinar, og at alle pasientar som kjem til sjukehusa kan føle seg trygge.

Bemanningsutfordringar

Smitteauken i samfunnet, som også har råka medarbeidarar i Helse Fonna, gjer at det måndag formiddag er 78 medarbeidarar i koronarelatert fråver i helseføretaket. Dette har ført til bemanningsutfordringar i enkelte avdelingar, men dette har så langt ikkje råka planlagt drift i særleg grad.

Det er ikkje meldt om fleire smitta medarbeidarar sidan laurdag. Ingen andre sjukehus i Helse Fonna har innlagde pasientar med covid-19, opplyser Helse Fonna.

Powered by Labrador CMS