nyhende
Fem grep for å auke sjølvforsyning
Noregs Bondelag hat kome med oppskrift på korleis Noreg skal nå målet om 50 prosent sjølvforsyning. Det skriv dei på sine nettsider.
I dag er Noregs sjølvforsyningsgrad på rundt 40 prosent.
Planen til Noregs Bondelag omfattar fem konkrete grep som skal til for å nå målet om 50 prosent sjølvforsyning.
— Planen viser at det faktisk er mogleg, og at vi kan få det til gjennom aktiv jobbing og gode prioriteringar framover, påpeikar Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag.
Dette er dei fem grepa Noregs Bondelag har lansert i handlingsplanen:
Annonse
- Inntekta til bonden må opp, da inntektsnivået i jordbruket er lågt.
- Importvernet må styrkjast fordi det er viktig for å sikre norsk, trygg mat produsert over heile landet.
- Meir norskprodusert mat og mindre import, sidan importkvotar og utilstrekkeleg tollvern no gjer at vi ikkje utnyttar potensialet for norskproduserte varer.
- Meir norskprodusert fôrråvare, da meir og betre grovfôr kan redusere kraftfôrforbruket og dermed auke norskdelen i fôrrasjonen.
- Kosthald i tråd med norske ressursar og fokus på handlekorga til forbrukarar, sidan dei vala forbrukaren tek i butikken er førande for norsk matproduksjon.