nyhende

Sveio Kystlag har til vanleg mange arrangement i kalendaren sin, men i år har det blitt lite. Laget er ein av fem søkjarar som har fått pengar frå Krisepakke 2. Motivet er tatt i samband med eit arrangement utanfor Kysttunet.
Sveio Kystlag har til vanleg mange arrangement i kalendaren sin, men i år har det blitt lite. Laget er ein av fem søkjarar som har fått pengar frå Krisepakke 2. Motivet er tatt i samband med eit arrangement utanfor Kysttunet.

Fem frivillige organisasjonar har fått 230 000 krisekroner

Lag og organisasjonar i Sveio som har avlyst arrangement som følgje av korona-utbrotet har fått kompensasjon. Litt over 230 000 kroner er utbetalt til fem søkjarar.

Publisert Sist oppdatert

Så og seia all aktivitet stoppa opp på eit tidspunkt i mars. I Sveio er det mange frivillige lag som legg til rette for dugnad, derfor står mange med raude tal i inntektspostane sine i år. Det er berre fem lag frå Sveio som har søkt, grunnen kan vera at ein måtte ha ei pårekna tap på 25 000 kroner eller meir for å kunne søkja.

Krisepakke 2 har behandla søknadar og betalt ut i fire puljer. Etter det Vestavind ser, var det ingen søkjarar frå vår kommune til dei to første søknadsfristane, men i pulje tre og fire tok det seg opp.

Over ein milliard kroner

Dei lokale laga som har søkt til no, har fått innvilga beløpet dei var kvalifiserte til, totalt dreier det seg om 232 339 kroner. På landsbasis har det blitt delt ut over ein milliard kroner i Krisepakke 2 til frivillige organisasjonar.

Ein av dei fem søkjarane til no er Sveio kystlag, som har hatt langt mindre aktivitet i år enn vanleg.

Ser framover

– Ein naturleg konsekvens av dette er reduserte inntekter, og dermed mindre midlar til arbeid med kystkultur. Det økonomiske bidraget frå krisepakkane er positivt. Me har alltid måtta tilpassa forbruk etter midlar til ei kvar tid, seier Wathne.

Kristian Wathne blei i 2018 vald som leiar i Sveio kystlag. Her saman med avtroppande leiar Terje Lier og lagsmedlem Eivind Eriksen,

Laget har fått tildelt 35 700 kroner frå krisepakka, som er 70 prosent av dei budsjetterte inntektene.

– Det viktige no er å løfta blikket og sjå framover. Me skal tilbake til normalen på eitt eller anna tidspunkt. Kva tid det blir, vil tida visa, seier Wathne.

Tre dugnadar i vasken

Sveio drilltropp hadde planlagt å ha tre inntektsgivande aktivitetar i perioden, men både flaskeinnsamling, showhelg med kafé og vareteljing på Coop Extra gjekk i vasken.

Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou på drillkonkurransen Sveio drilltropp arrangerer kvar februar – Vinterpokalen.

– Flaskeinnsamling har me hatt dei siste ni åra, og vareteljing to gonger årleg. Det er mange tapte inntekter, men heldigvis fekk me dekka ein del av summen, seier leiar i Sveio drilltropp, Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou.

Håp om annleis julemesse

Dei er spente på månadane framover. Det pleier å vera stor aktivitet i troppen, både med konkurransar, dugnadar og sjølvsagt øvingar. No har det vore stillstand på mykje sidan februar/mars, men øvingar har dei kome i gong med igjen.

– I slutten av november er det konkurranse i Haugesund som me håpar at ikkje blir avlyst. I tillegg håpar me at me kan gjennomføra ei annleis julemesse på Vigdartun 28. november. Me kryssar fingrane for at me kan arrangera Vinterpokalen i februar 2021 i Steinsvik arena, seier drilleiaren.

Lag/organisasjon Arrangement eller aktivitet som utgjekk Tildelt
Sveio kystlag Havnedagar i Haugesund og arrangement på Kysttunet i samband med kystkultur.no 35 700
Lions Club Sveio Tulipanaksjon og vårfest på Førde sambrukshus 29 120
Sveio drilltropp Flaskeinnsamling, showhelg med kafé og vareteljing på Coop Extra 40 250
Sveio Idrettslag Kiwi Cup, Regionmeisterskap U13, baklukesal, volleyballskule, sandvolleyball-turnering og fotballskule 95 900
Sveio jakt- fiske- og naturvernforening Tap av inntekter grunna ein ikkje treng skyta opp til storviltprøven 31 369

Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar i krisepakke 3, der frivillige lag og organisasjonar kan søka om å få dekka tapte inntekter. Ordninga gjeld for perioden 12. mars til 31. desember, og er ei forlenging av krisepakke 2, som gjaldt i perioden 12. mars til 31. august.

Nye moglegheiter

– I krisepakke 2 blei det søkt om støtte til nesten 26 000 arrangement og aktivitetar. Me forventar mange søknader også i denne runda, og vil gjere det me kan for at frivilligheita skal få hjelp så raskt som mogleg, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Fristen for å søkja på ordninga er 15. januar 2021.

– Me kjem til å betala ut puljevis på same måte som me gjorde i krisepakke 2.

Organisasjonane kan få kompensert inntil 70 prosent, bortsett frå dei som har heilt avlyst, stengt eller utsett i perioden 1. november-31. desember. Desse kan få kompensert inntil 50 prosent av godkjent søknadsbeløp.

Powered by Labrador CMS