nyhende
Fem dagar med gratis familieaktivitetar i sommar
Det blir Drømmesommer i år også. Opplegget vil likna på det som var i fjor, der familiar kan melda seg på enkeltaktivitetar frå dag til dag. Første heile veka i skuleferien er sett av – medarrangørar er velkomne med.
Drømmesommer er eit gratis aktivitetstilbod for barn i regi Sveio frivilligsentral, som har gjennomført to normalår der ungane er deltakarar aleine, og eitt år med opplevingar for familiar.
– Me var veldig glade for at me fekk gjennomføra i fjor, me var usikre på om det let seg gjera, seier Kristianne Uri, dagleg leiar i Sveio frivilligsentral. Ho fortel at mange sette pris på å få gjera aktivitetar i lag med familien, i ei tid der mykje var avlyst og ikkje tilgjengeleg.
Lågt budsjett
Programmet for denne sommaren er ikkje klart, men tilbodet vil også i år bli retta mot familiar, der foreldre og eventuelt søsken tar del på same tid, det vil også vera ein fordel i forhold til smittevern, som det sjølvsagt vil bli tatt omsyn til.
– Har me slike kohortar, er det større sjangse for at me får gjennomføra, enn om det skulle vore mange enkeltpersonar påmelde, forklarar Uri.
Drømmesommer 2021 vil strekka seg over éi veke, men i forhold til i fjor blir kostnaden på aktivitetane nedjustert, rett og slett fordi frivilligsentralen ikkje har fått innvilga noko støtte. I normalår har dei fått 100 000 kroner til føremålet.
Lokal stønad
– Det blir ikkje «store» utflukter som Kongeparken, men eg tenker det blir ei veke med kjekke aktiviteter likevel, litt likt som i fjor. Ungane synest nok det er like kjekt med ting som ikkje kostar så mykje, det er berre fantasien som set grenser, seier Uri.
Til alt hell har dei 10 000 kroner frå Bremnes Seashore som kan brukast til føremålet. Om andre vil vera med å sponsa årets Drømmesommer, blir dette tatt i mot med stor takk.
– Kan det vera at fleire bedrifter har lyst til å bidra? Til meir me får inn, til meir kan me gjera, seier Uri.
På dagtid
Veke 26 vil bli lagt opp slik at det er noko som skjer kvar dag frå måndag til fredag på dagtid, nokre dagar kan det vera fleire aktivitetar, og ein melder seg på det ein har lyst til.
Om nokon lokale lag eller organisasjonar sit og tenker på at dei kan stilla med aktivitet ein av dagane, er det rom for det. Det vil vera ei fin moglegheit til å visa kva dei held på med.
– Kanskje nokon lag har hatt lyst til å få til noko for barn i ferien, men ikkje visst korleis? Eller kanskje det dei tenker på er for omstendeleg å ha aleine? Det treng ikkje vera eit kjempestort opplegg, seier Uri, som oppmodar til å ta kontakt for ein prat.
Meir til utlånssentralen
Sjølv om ikkje Drømmesommer har blitt støtta i år, har Sveio frivilligsentral fått ekstra mykje pengar til drift og kjøp av utstyr til Skattkammeret.
– Hell i uhell – me har fått 250 000 kroner frå Bufdir. Det gjer at Skattkammeret kan bli meir sjølvstendig, og utvikla seg og veksa, slår Uri fast.
Summen er 150 000 kroner meir enn den vanlege stønadssummen, og går til både til drift og kjøp av utstyr.
– Etterspørsel etter utstyr er veldig stor. Me kan kjøpa inn meir, og ha eigen tilsettressurs vidare.
Nett no er det mellom vinter og sommar, men utlånet har begynt å ta seg opp. Mellom anna har ungdomsskulen vore innom og lånt turutstyr. Av nye ting som er venta, er pack-craft, ein oppblåsbar kano, og små kajakkar.