nyhende
Fekk trongare i staden for tryggare veg
Sjølv om brua ved Rød som fekk ny støypekant i slutten av oktober, jublar ikkje dei lokale, tvert i mot. – Dei støypte på innsida av eksisterande gjerde. No får me enda trongare veg, seier ein oppgjeven Jarle Jacobsen (KrF).
– Me treng ikkje trongare vegar her, seier Jarle Jacobsen.
I morgontimane før sola har stått skikkeleg opp står lokalpolitikaren ved den nyleg utbetra brua ved Rød.
Trongare
Sjølv om han set pris på at det skjer utbetringar, så har det dessverre denne gongen ein tydeleg bismak.
– Eg tok med meg metermål, seier Jacobsen og dreg det opp frå lomma.
Når han bretter det ut og viser endringa frå gamal usikra veg til ny trygg veg.
– 80 centimeter trongare, seier han.
I slutten av oktober tok Mesta, den lokale entreprenøren med ansvar for fylkesvegane, og laga nytt betonggjerde over brua. Det gamle var øydelagt og hadde sidan mars vore merka med varsling. Men då dei fiksa problemet, laga dei eit nytt for dei lokale.
– Her var det passering for to bilar før, men no er det ikkje det lengre. Dei lagar ei trafikkfelle, seier Jacobsen oppgjeven.
Lokal frustrasjon
Han er auklandshamnbu og fortel med tryggleik at han ikkje er den einaste som ikkje er nøgd med utbetringa.
– Folk eg snakkar med ristar på hovudet. Dei lurer på kva som skjer på vegkontoret, om Sveio berre er ein utpost kor dei kan gjera kva dei vil, seier han.
Og det er ikkje berre at det har vorte trongare. Varslingstolpen som tidlegare stod ved kanten av vegbanen står nå utanfor, så om det er dårleg sikt gjev det inntrykk av at vegen er breiare enn den faktisk er meiner Jacobsen.
– I staden for å fiksa det som er gale så gjer dei det verre, seier han.
Lurar veldig
Han lurar veldig på kvifor Mesta valde å støypa nytt gjerde på innsida av eksisterande, i staden for å fjerna den gamle og laga nytt der.
– No får me dobbel sikring, humrar han ironisk og fortset
– Me er den einaste staden i Sveio kor ein har dobbelt gjerde langs vegen!
– Har du ei oppmoding til Mesta og Vestland fylkeskommune?
– Me treng ikkje meir smal veg. Reparer heller dei skadane som kjem så ikkje vegen vert smalare. I tillegg bør dei ta seg ein tur og fiksa dei andre skadane på vegen som er godt kjend, seier Jacobsen og hintar til spørsmålsteikna som var tagga fleire stader med skade på Øklandsvegen.
Også brua på Bua
Vestavind har teke turen til ein stad langs Gullvegen rett sør for Buavåg, kor det også har vore støypa. Med bruk av digital måling ved telefon, viser det at tiltaket har gjort vegen 79 centimeter trongare. Til skilnad frå Øklandsvegen og brua på Rød synest Gullvegen å vera brei og god på strekninga med tiltaket. På utsida av gamal veg har ein del av gjerdet rasa ut.
Trong eit godt fundament
Roger Lemme i Vestland Fylkeskommune har fått høyra kritikken mot at tiltaka gjer vegen trongare. Han forstår at det ikkje er ideelt, men fortel at det er av ein god grunn.
– Den nye muren må ha eit godt fundament, då kan den ikkje stå på kanten som tidlegare, seier Lemme.
– Måling gjort av ein lokal bebuar viser at vegen har vorte 80 centimeter trongare?
– Ja, det har vorte smalere, seier Lemme.
Han meiner det framleis er god nok plass på vegen, også den på Økland.
– Det er nok vegbredde der, den er teken vare på. Vegen på Økland hadde ikkje plass til to møtande bilar frå før, og no er det framleis plass til bort i mot kva som helst køyretøy, også av dei store, avsluttar Lemme.