nyhende
Fekk ta jobbane med til Vestlandet
Då omgivnadane rundt Christine og Øyvind Gjerde i stadig større grad blei meir lukka og låst, opna det seg ein ny moglegheit for familien i Heggedal i Asker. To arbeidsgivarar var villige til å la dei ta jobben med seg til Vestlandet, nærmare bestemt Sveio.
Det er vår på Rophus sør i Sveio. Dei fleste av dei som bur her har barn, nokre av dei er ute i hagane for å leika. Dei som har budd her frå starten har naturleg nok begynt å veksa til, men nye naboar gjer at den yngre garde får påfyll. Mange i det relativt unge nabolaget kjem frå Haugesund, men ein familie frå Askim har òg funne fram til bustadfeltet.
– Me har vore på besøk her fleire gonger hos nokre venner. Det er lenge sidan eg sa at eg kunne tenka meg å bu her, fortel Christine Gjerde. For mindre enn eitt år sidan blei altså draumen blitt til verkelegheit. Dei visste at dei ville til Vestlandet, og såg eigentleg føre seg å bli haugesundarar då dei var komne så langt i prosessen at dei såg seg om etter ny bustad.
Fall tilbake på Rophus
– Me ville ha eit relativt nytt hus med ålreit storleik. Me kikka i Haugesund, men me falt stadig tilbake på Rophus. Her ligg Viksefjorden, det er like utanfor ein by, urbant på feltet med naturen like ved. Dette er eksklusivt samanlikna med Austlandet, seier Øyvind Gjerde.
Småbarnsforeldra har gått gradene når det gjeld bustadtypar, frå leilegheit til to-mannsbustad og seinare einebustad – etter kvart som dei små har meldt sin ankomst. I same takt har dei også trekt seg nærmare bygda, frå Sandvika i Bærum, til Blakstad i Asker og seinare Heggedal i same kommune.
Til slutt kom dei ikkje lengre ut på bygda. Då pandemien kom, opplevde dei smittevernhysteri og nedstenging, som dei frykta kom til å vera lenge. Heimekontor og digitale verktøy var med på å skapa ein ny moglegheit.
– Arbeidssituasjonen endra seg, slik at me ikkje lengre var avhengig av å reisa til Oslo, på same tid som rett hus var for sal på Rophus, seier Øyvind.
Fekk ta jobbane med
Nybakt trebarnsmor Christine fekk avtalt med sin arbeidsgivar, eit rekneskapsfirma i Bærum, at ho kunne ta jobben med seg om det blei Vestlandet.
Hakket verre var det med tanke på Øyvind sin arbeidssituasjon, då det ikkje er flust av ledige jobbar innan telekom å oppdriva. Som alle andre rundt dei, var det heimekontor som gjaldt, og det ville ikkje vera umogleg å vera ei lita avdeling i Sveio. Men då arbeidsgivaren hans gjorde eit oppkjøp og med eitt fekk kontor i Haugesund, var det på mange måtar siste brikka som kom på plass før den store avgjerda om å flytta til ein annan landsdel blei tatt.
Skule og barnehage i Haugesund
Venene dei reiste i frå har framleis heimekontor, det har forsåvidt Christine også, men Øyvind stortrivst med å få dra på jobb til kontoret i Haugesund kvar dag. Med seg har han dei tre sønene, dei to eldste sønene går på Steinerskolen i Haugesund, og litlebror Brage går i Soria Moria-barnehagen der.
Med flytting og alt styret som følgjer med, tenkte ekteparet at det ville vera godt for 1. og 2. klassingen å få halda fram i same skulesystem.
– Det er heilt klart meir praktisk å ha dei på skule nærmare, skulebussen stoppar rett her nede. Me tenker å la dei halda fram på Steinerskolen, men om dei skulle finna på å spørja sjølv om å få byta, skal ikkje me vera til hinder om dei vil begynna på Vikse, seier Øyvind.
Foreldra er veldig nøgde med skulen, der begge har fått gode vener, og ikkje minst er privatskulen skjermfri.
Gåvekorg frå naboar
Familien har funne seg godt til rette i omgivnadane, med god hjelp frå venner og familie.
Sjølv om det ikkje kan høyrast på dialekta, har Øyvind budd i Haugesund då han var liten, og har familie der. Det er ei kjend sak at det er ein viss skilnad på vêret mellom Austlandet og Vestlandet, men begge dei vaksne var godt førebudde på dette.
– Far min er frå Vestlandet, eg har vore mykje i Ørsta i Møre og Romsdal. Sånn sett er eg van med klimaet – eg visste kva me gjekk til, smiler Christine.
Ho er begeistra for det naturen byr på, og kan ramsa opp ulike lokale destinasjonar som ein kvar innfødd. Då dei kom til feltet, kom naboar med ei stor korg med ymse oppi, mellom anna «Skattekista» til Sveio kommune. Her låg òg eit turkart, som dei har brukt ein del.
– Ryvarden, Flokehyttene, Hagland festning, Viksefjorden, Førde – kort veg til mykje «snacks», smiler Øyvind.
Og apropos mat, veit Christine å setja pris på at det er lett å få tak i lokal mat. Rekoringen var dei kjend med frå før, men her merkar dei at det er meir tilgjengeleg på denne kanten.
– Og me har hatt Strand-burger fleire gonger, smiler Christine, som er fødd og oppvaksen i Bærum.
Mindre tid i bil
Då dei budde på Austlandet, var dei nærme hovudstaden, der dei begge hadde sine arbeidsplassar. Men mykje av tida gjekk med i bilen, og ikkje minst var kø ein stor del av kvardagen.
Med deira bakgrunn, synest det ikkje rushtrafikken i Haugesund er betydeleg i forhold til Oslotrafikken, der det og er kostbart å ta seg fram.
– Eg kunne bruka 25 minutt til jobb, og halvannan til to timar heim igjen når eg henta barna. Reisetida gjer at ein mister mykje av livet i ein bil – det er ikkje verdt det. I tillegg har ein bomstasjonar, bomringar og bydelar det kostar å køyra gjennom. Oslo gir ikkje det ein treng som småbarnsfamilie, meiner Øyvind.
Familien er litt meir avhengig av bil no, men alt dei treng er meir tilgjengeleg.
– Me har til og med flyplass. Men IKEA saknar eg, før hadde me 10 minutt, smiler Øyvind.
Når det kjem til handel, er det Sveio sentrum og Haugesund som gjeld, begge stader blir brukt om kvarandre. Handel og frisør i Sveio, og større innkjøp i Haugesund.
| Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK. |