nyhende

ILLUSTRASJONSFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Fekk strafferabatt etter to lovbrot i Sveio

Ein mann i 20-åra kan takke lang saksbehandlingstid hos politiet for at han ikkje må betale meir enn 8.000 kroner i bot for to brot på vegtrafikklova under ein køyretur gjennom Sveio i 2020.

Publisert Sist oppdatert

Det var ved 19.30-tida den 14. april 2020 at han køyrde sin Audi på E39 gjennom 60-sona på Haukås. Der føretok Utrykkingspolitiet ei gjennomsnittsmåling som klokka han inn til ei fart på 79 kilometer i timen på ei 573 meter lang strekke.

Mannen vart etter kvart stansa på Hanaleite og fekk presentert resultatet av gjennomsnittsmålinga. Tiltalte hadde ingenting å utsetje på målinga, og erkjente at han hadde køyrd for fort.

Ugyldige prøveskilt

Det viste seg også at prøveskilta han hadde montert på bilen sin var gått ut på dato. Bilen var avskilta 6. desember 2019.  Mannen forklarte at han var klar over dette, men at han ikkje fekk tak i nye prøveskilt før bilturen han skulle gjennomføre frå Flekkefjord til Bergen.

Mannen fekk opphaveleg eit førelegg for dei to forholda, som han ikkje vedtok. Saka vart så liggande på påtalemakta så lenge at liggetida er i strid med Den Europeiske Menneskjerettskonvensjonen, noko både påtalemakta sjølv og retten er samd om må få merkbart utslaga på straffa.

Kunne ha fått høgare bot

Saka kom opp for Haugaland og Sunnhordland tingrett 18. mars i år, nesten to år etter at han politiet stansa han.

— Retten finner at ei bot på 8.000 kroner er tilstrekkeleg og rimeleg frådrag i det som elles villa ha blitt straffa. Forholdet i punkt to (ugyldige skilt, red merknad) er tillagt vekt i skjerpande retning, heiter det i dommen.

Som følgje av den lange saksbehandlingstida finn retten at mannen ikkje skal idømmast sakskostnadar.

Powered by Labrador CMS