nyhende
Fekk stor blekksprut på kroken
– Mamma, det er ein blekksprut! 14 år gamle Emil Kaada Stueland såg med ein gong kva som hadde hekta seg fast på fiskesnøret, då han og mora var ute og fiska utanfor Auklandshamn på onsdag.
– Me hadde gløymt håv, så det blei litt stressa stemning, men Emil stakk hendene ned i sjøen og klarte å få blekkspurten om bord, fortel mora, Norun Kaada, til Vestavind.
Familien bur til vanleg i Stavanger, men ferierer for tida på hytta si i Auklandshamn.
Stor oppleving
Fangsten var ein stor blekksprut på rundt 50 centimeter, vekta blir anslått til å vera rundt fire-fem kilo. Den blei tatt på stang i Ramsvika, der 14-åringen tidlegare har dratt opp mange store lyr og sei. Denne dagen blei både han og mora svært overraska over fangsten.
– Det var ei heilt spesiell og stor oppleving. Då me tok fangsten opp på brygga spruta akkaren ut mykje blekk, vatnet blei kolsvart oppi baljen, bekreftar Kaada.
Frityrsteikte akkarringar
Ho fortel at Emil er veldig glad i akkarringar, så dette måtte dei forsøka å laga. Vel tilbake i hytta, søkte dei på YouTube, og fekk rettleiing korleis ein går fram.
– Blekkspruten har ingen bein, men har eit stort «plastnebb» inne i kroppen, og då det var tatt ut var det berre til å skjera opp tynne ringar som Emil sjølv friterte.
– Var smaken som forventa?
– Det var ikkje heilt likt det me har smaka før, men det blei både crispy og godt, fortel Kaada.