nyhende

Varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) til venstre og ordførar André Mundal Haukås i spissen for hovudutval for samferdsel og mobilitet, og delar av administrasjonen, i Vestland fylkeskommune då dei besøkte Sveio måndag denne veka.

Fekk oppleva mykje trafikk på dårlege vegar

To hovudutval frå Vestland fylkeskommune er på reise denne veka. Eit av dei tok turen til Sveio, og fekk oppleva nokre av dei smale og dårlege vegane i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Hovudutval for samferdsel og mobilitet starta turen måndag med båt til frå Bergen til Rosendal. Derfrå gjekk resten av turen med buss. I tillegg til busstur på smale vegar, hadde hovudutvalet stopp og møte i kommunehuset på veg tilbake til Rosendal.

Ordførar André Mundal Haukås tok for seg ulike utfordringar for samferdsel og transport.

For dårleg kolletivtilbod

– Kva var dei viktigaste punkta du la fram?

– Eg hadde fire hovudpoeng som eg ønskte å løfte for dei. Det første var at kollektivtilbodet ikkje er godt nok. Spesielt trekte eg fram behovet for ein ekstra kveldsavgang frå Haugesund til Sveio. Siste buss går i dag 19.45 på kvardagar. Det betyr at våre unge ikkje kan har arbeid i butikk i Haugesund, delta på fritidsaktivitetar eller gå på kino der ein tek bussen heim igjen. 

Sommarproduksjonen til Skyss gjer dette om mogleg endå verre. Frå 29. juni er går siste buss frå Haugesund til Sveio 16.45. 

– Me treng også betre internt tilbod, gjerne i form av bestillingstransport, slik at folk ikkje berre kjem seg til sentrum og langs E39, men også kjem seg heim enten dei bur på Auklandshamn, Erve eller Bua. Skal me bygga gode vanar, må me først ha eit tilbod som fungere. Går ikkje bussen, blir ein heller aldri vant med å ta buss, undertrekar ordføraren.

Tre drepte og åtte hardt skadde

 Fylkesvegane var hovudtema, med særleg vekt på Fv. 47 mellom Sveio og Haugesund, og Fv. 541 Tjernagelvegen mellom Sveio sentrum og Buavåg.

– Over 1.800 av våre innbyggarar pendlar ut av kommunen kvar dag, og majoriteten av desse har arbeidsmarknaden sin på Haugalandet. Då er Fv. 47 deira veg til og frå jobb, men også for alle oss andre som nyttar Haugesund som vårt regionsenter. Denne fylkesvegen har nokre svært dårlege og trafikkfarlege parti. Spesielt trekte eg fram dei 1.250 metrane mellom Tveitevegen og Lindøyvegen. 

– Berre på dette strekket har fylket dei siste 20 åra registrert 3 drepte, 8 hardt skadde og 16 lettare skadde. Slik kan me ikkje ha det, og her må fylket få augo opp for utbetring både for køyrande og mjuke trafikantane, seier Haukås.

Stadig aukande trafikk på Tjernagelvegen 

 Det vart sjølvsagt også ein runde med den mykje omtala Tjernagelvegen. I valkampen før kommune- og fylkesvalet var fylkesordføraren på besøk, og han understreka då at så snart kommunen vedtok reguleringsplan, sto fylket klar med pengane. Kommunen vedtok reguleringsplanen i desember 2023, men ventar framleis på pengane. 

– No skal fylket sjå på om planen kan optimaliserast. Eg fryktar at dette berre vert eit kvileskjær, og oppmoda difor fylkespolitikarane til å vera modige og legga pengane på bordet for ny veg. Dagens veg har stadig aukande trafikk, og i stor grad fleire større køyretøy som ein ser i samband med utviklinga av fiskerihamna på Langevåg – som lenge har vert ei satsing for fylkeskommunen. 

– Realisering av den vedtekne reguleringsplanen er ikkje berre viktig for oss i Sveio, men også for næringslivet og innbyggarane på Bømlo. At vegen også er tenkt som omkøyringsveg for E39 dersom Bømlafjordtunnelen vert stengd, understreka berre behovet for handlekraftige fylkespolitikarar, seier Haukås.

 – Fekk du nokre tilbakemeldingar på innspela dine?

– Etter å ha sett klippet frå TV Haugaland der fylkesordførarar lovar oss ny veg, så var dei forsiktige med å komma med lovnadar frå utvalet. Men eg er sikker på at både innspel og inntrykk frå bussturen gjer at våre prosjekt vert hugsa på i deira vidare handsamingar.

Møtte kvardagen på smale vegar 

 – Kvar gjekk bussturen i Sveio, og kom utvalet med nokre reaksjonar undervegs?

– Dei fekk gleda av å køyra frå kommunehuset, ut langs Tjernagelvegen der me snudde bussen rundt på ferjekaien i Buavåg. På veg ut møtte me både bilar og andre bussar, noko eg høyrde bak i bussen skapte stort engasjement då dei høge asfaltkantane gjorde at ein ikkje lett kom forbi. Vidare frå Buavåg køyrde me langs fjorden forbi Tjernagel, Auklandshamn og Rød før dei sette kursen vidare på E39 nordover. 

– Det var mykje trafikk, som det vanlegvis er på desse vegane. Eg trur nok at bussjåføren hadde den mest krevjande rolla på denne turen, når han med stødig hand måtte legga den store turbussen så langt ut mot grøfta han våga. Det var tydleg at tilstanden på vegdekket gjorde inntrykk på administrasjonen som også var med, så det er jo eit håp om fleire meter med ny asfalt også kan kome vår veg.

– Viktig at dei kjem seg ut av Bergen

– Kva betyr slike besøk for kommunen sitt arbeid?

– Det er viktig at fylkespolitikarane kjem seg ut av Bergen, og besøker oss som kvar dag nyttar oss av det som ligg under deira ansvarsområde. Kollektivtransport og fylkesveg er noko som engasjerer, og det var kjekt at dei sette av tid både til ei orientering, men ikkje minst at me fekk lagt ein lengre busstur til kommunen. Eg er heilt sikker på at det betyr noko når ein har vore på staden, køyrt vegane, og snakka med dei som er tett på når ein skal handsama saker på fylkestinget, avsluttar ordføraren.

Powered by Labrador CMS