nyhende

Fekk inn 69.134 kroner i bøssene – og litt utanlandske pengar

Mange brukar Vipps, melder bøssebærarane rundt om i Sveio. Det var likevel ein god sum pengar i bøssene som blei talt opp i Haugesund Sparebank søndag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

Formål: Pengane går til Atlas-alliansen, ein paraplyorganisasjon for funksjonshemma sine eigne organisasjonar.

Mål: Å gi 200.000 menneske med funksjonsnedsettingar eit betre liv.

Kva pengane går til:

  • Hjelpemidlar
  • Utdanning
  • Arbeid
  • Helse- og nødhjelp
  • Betre levekår og rettar for funksjonshemma

Land som får støtte:

  • Ukraina
  • Palestina
  • Nepal
  • Zambia
  • Tanzania
  • Etiopia
  • Uganda

Kjelde: tvaksjonen.no

Etter oppteljinga enda kontantsummen på 69.134 kroner. I tillegg nokre euro, islandske kroner, svenske kroner og noko som såg ut som greske drakmer.

160. plass nasjonalt klokka 23.30

Klokka 21.30 viser oversikta til TV-aksjonen at det har kome inn 201.771 kroner i Sveio. Av desse pengane er 119.119 kroner frå bøsser/vipps, 55.000 frå næringsliv og 16.330 frå private.

Klokka 23.30 søndag har summen auka til 290.521 kroner fordelt på 119.119 frå bøsser/vipps, 55.000 frå næringsliv, 50.449 frå private og 54.318 i kategorien anna.

Dermed auka det frå 35,14 til 50,60 kroner i snitt per sveibu. I fylket låg kommunen på 19. plass av 43, klokka 21.30. 23.30 er det endra til 30. plass. På landsbasis låg Sveio 127. plass av 358 kommunar (inkludert Svalvard) klokka 21.30. To timar seinare er det endra til 160. plass.

Det er enno langt igjen til fjoråret då det blei sett ny innsamlingsrekord med heile 452.992 kroner i Sveio. Innsamlinga er ikkje over med dagens store TV-aksjon, og talet vil stiga utover veka. Nasjonalt var det samla inn vel 236 millionar klokka 23.30.

Gjengen som talde pengar. F.v. Mari Arnestad, André Mundal Haukås, Guro Røher og Siv Åsen. Mari og Siv er begge rådgivarar i Haugesund Sparebank.

Sto ved døra og venta

Aller først inn med bøssa til banken var Even og far Kristian Haaland.

Even kunne fortelja, med ørlite hjelp frå far, at dei hadde samla inn pengar til fattige røyrslehemma som ikkje kan gå skikkeleg. Dei hadde  gått på Rød, Tveita og Drange. Og at dei som fekk besøk syntes det var bra det bøsseberarane gjorde.

Er ikkje over

I alle fall dei som var heime. Det fine vêret gjorde sitt til at ein del truleg var ute på tur då bøsseberarane kom på besøk. Men innsamlingsaksjonen er på ingen måte over, minnar ordførar André Mundal Haukås om:

– Ein kan vipsa eller gi pengar på andre måtar ei god stund framover slik at alle som vil gi får mogelegheit til det. Summen frå Sveio vil stiga, ikkje minst etter Førde skule sitt arrangement kommande torsdag ettermiddag.

Haktor Lier Mundal (4) var med på sin første innsamlingsaksjon. Det var stor stas å bera bøssa, og han fortalde at det var viktig å gi pengar: – For dei må jo få rullestolar.

Takkar for innsatsen

Ordføraren nyttar også høvet til å takka alle som bidrar under innsamlingsaksjonen.

– Me fekk bøsseberarar i alle krinsane. Ein ekstra takk til rodeleiarane for jobben dei har gjort, og ikkje minst til aksjonsleiar Guro Røher og Frivilligsentralen som ordnar og legg til rette for TV-aksjonen. Me er heldige som har dei.

Bidrag frå næringslivet

  • Catering Spesialisten AS: 2.000
  • Haukås Bilverksted AS: 2.000
  • Albatross Spa AS: 1.000
  • Bjelland Elektro AS: 2.000
  • Sveio kommune: 10.000
  • Pettersen Autospa AS: 2.000
  • Førde Auto AS: 1.000
  • Mundalen AS: 3.000
  • Sveio Byggsenter A/S: 1.000
  • Helifuel AS: 5.000
  • Sveio Senter AS: 10.000
  • Kristoffer Aaune AS: 3.000
  • Sveio Auto AS: 500
  • Geir Flatnes AS: 1.000
  • Last Haugesund AS: 1.000
  • Reiler Møbelinvest AS: 500
  • Sveio Blomster og Gaver AS: 1.000
  • Nygård Tak AS: 2.500
  • Norsk Lek og Park AS: 1.500
  • Sunnhordland planteskule AS: 1.500
  • Byggmester Lars Osa AS: 500
  • Vestavind: 1.500
  • Albatross Fitnes AS: 1.500
  • Tor G. Thuestad Drift AS: 1.000
  • Hetland Rør AS: 1.000
  • Multimekanisk Kran & Truckservice AS: 1.000
  • Habitat MCI AS: 5.000
  • Frøvik Elektro AS: 2.000
Powered by Labrador CMS