nyhende
Fekk i seg røyk under tunnelbrann
Fredag kveld vart Bømlafjordtunnelen stengde etter ein personbil byrja å brenna.
– Om lag klokka 17.48 vart brannen sløkt, fortel vaktsjef Gunnar Sande ved Haugesund politistasjon.
Ein personbil på veg gjennom Bømlafjordtunnelen hadde byrja å brenna. Difor vart tunnelen raskt stengd i begge retningar, noko som skapte lang kø etter kort tid. Ifølgje politiet på Twitter/X vart to personar tekne med til helsepersonell på staden for ein sjekk.
– Den eine fekk i seg litt røyk, seier Sande.
Klokka 19.21 var bilen henta og tunnelen opna igjen. Politiet oppretta sak på hendinga.
Annonse
– Kvifor det?
– Alle brannsaker skal opprettast sak på. Og så skal etterforskinga finna ut kva årsaka for brannen er eller ikkje, svarar vaktsjefen.