nyhende
Fekk huset for ei krone
Førde bygdalag fekk kjøpa Tinghuset for ei krone. Restaurerinsarbeidet som er under planlegging, vil kosta sjusifra beløpog involvera både fagfolk og dugnadsarbeidarar.
— Planen er å tilbakeføra bygget til opphavleg utsjånad så langt dette er råd, både utvendig og innvendig, fortel Tor Inge Flåten medan han viser oss rundt i bygningen frå 1881.
Flåten er styreleiar i Førde bygdalag og sentral i arbeidet med restaureringsplanane, saman med skrivar Johnny Lønning. Dessutan er det etablert ei prosjektgruppe for Tinghuset. Den blir leia av Unn Rognerud.
— Tanken er å setja huset i stand til bruk for heile bygda. Me vil også samla gamle gjenstandar med tilknyting til Førde. Ei lita museumssamling, med andre ord, seier Flåten.
Utvendig først
Tinghuset var ein av fleire eigedommar som Sveio kommune la ut for sal.
— Då fann me ut at me måtte slå til å sikra det for bygda før det hamna i privat eige, seier Johnny Lønning.
Han arbeider i desse dagar med søknader om økonomisk støtte til restaureringsarbeidet.
Bygdalaget fekk skøyte på eigedommen i midten av desember 2021, og har ikkje lege på latsida sidan kjøpet kom i stand.
— Me har utarbeidd det me kallar ein milepælplan. Første fase i denne planen er å
skifta tak, vindauge og den delen av bordkledninga som er dårleg, fortel Lønning vidare.
Bygningen hadde opphavleg teglsteinspanner på taket. Bygdalaget har innhenta tilbod fjerning av dei nåverande eternitplatene og legging av nytt pannetak. Det vil kosta 330.000 kroner. Nye vindauge lik dei originale og ny kledning er kostnadsrekna til 900.000 kroner. Det står igjen å få pris på restaurering av pipa. Bygdalaget vurderer dessutan å byggja bislag framfor inngangsdøra, slik det var frå starten av.
— Søknader om støtte er sende til Sveio kommune og Vestland fylkeskommune. Ein søknad til Kulturminnefondet er også under arbeid. Dessutan vender me oss til bankar og andre lokale selskap med spørsmål om sponsorstøtte, fortel Lønning.
19. januar blei det arrangert eit møte der bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland museum var med. Sveio kommune var også representert ved Ellen Tveit og Marit Liknes frå kulturavdelinga.
— Bygdalaget opplever god støtte frå lokale styresmakter, seier Lønning.
Etterlyser gjenstandar
Tinghuset blei bygt i ei tid då Førde var ein del av Vikebygd kommune. Som namnet antydar, blei huset brukt som rettslokale, men også som forsamlingshus og sentrum for 17. mai-feiring, blant anna.
Allereie i 1882 flytta dessuten den lokale Fjære Sparebank inn. Banken overtok etter kvart huset og åtte det til midt på 1960-talet. Då flytta Fjære Sparebank til nytt bygg lenger oppe i bygda. Sveio kommune overtok Tinghuset og innreidde det til kontor for landbruksetaten.
— Då blei det gjort ein god del bygningsmessige endringar. Dei originale vindaugo blei skifta ut, inne blei taket fora ned, innvendige dører skifta ut og veggene tapetserte. Dersom nokon veit kor vindaugo blei av, og om det ligg gamle dører frå Tinghuset i ei eller anna løe, er me svært interesserte i dei. Det same gjeld gjenstandar og bilde med tilknyting til huset eller gamle Førde, seier Lønning håpefullt.
Manglar teikningar
Bygdalaget har ikkje funne originale teikningar av bygningen, men veit at bygningsmannen var Peder Johan Skartland frå Vikebygd. «Store-Per», som han visstnok blei kalla. Dei har også fått tak i eksteriørbilde frå før 1910, men ikkje eitt einaste interiørbilde. Derfor er styret og prosjektgruppa svært interessert i slike bilde, eller folk som kan fortelja og gjerne skissera korleis det såg ut inne før kommunen overtok. Lønning har enno ikkje leita seg fram til dei teikningane som måtte finnast frå den kommunale ombygginga på 1960-talet.
Tinghuset har også romma bibliotekfilial. Etter at kommunen flytta ut, har Førde kvinne- og familielag vore leigetakar og mellom anna drive med veving i huset.
— Hadde det ikkje vore for kvinne- og familielaget hadde huset vore i mykje dårlegare forfatning enn det er i dag, kommenterer Lønning.