nyhende
Fekk helsing frå kongen
I ettermiddag har 100-åringen Rikka Ramsdal hatt feiring og ope hus på Ørevik grendahus. Det blei sjølvsagt sunge «Ja, må hon leva uti hundrade år».
Første gjest på plass var ordførar André Mundal Haukås, og han blei tatt imot av ein strålande jubilant.
– Det er fantastisk å feira ein 100-åring som er så sprek, klar og har eit så strålande humør, seier ordføraren.
Rørt av kongeleg helsing
Enno meir stas enn besøk av ordføraren var det at kong Harald hadde sendt helsing før han reiste på ferie i Malaysia.
– Rikka fortalde at helsinga hadde kome i posten. Ho hadde lese den to gonger, og var blitt rørt over at ho var hugsa på, fortel Mundal Haukås.
Om han var første gjest, blei det fort fullt hus og god stemning. Døtrene til Rikka fortalde at ho hadde vore med på det meste av planlegginga av si eigen dag. Rikka er einaste 100-åring i Sveio i år.
Fullt hus
– Det blei sunge «Ja, må hon leva uti hundrade år», og det var nydeleg betasuppe til alle som kom innom. Dette var rett og slett ein så flott fest at eg no veit korleis eg vil ha det når eg blir 100 år, smiler ordføraren.
TV Haugaland var også til stades, og reportasjen frå 100-årsfeiringa kan du sjå i kveld.