nyhende

Fekk «fiskeskøyte» til sjuårsdagen sin

Jonas Johannessen Neraal fylte sju år 4. juli. Bursdagsgåva frå pappa dette året var ei fiskeskøyte i miniatyr – ni og ein halv fot lang – som jubilanten sjølv har vore med på å byggja i garasjen i løpet av vinteren og våren.

Publisert Sist oppdatert

Jonas og familien hans bur i Sveio sentrum, men har naust i Buavåg. Her var det den nybygde båten blei sjøsett på bursdagen. Mamma Maren Johannessen Neraal var gudmor. Båten har fått namnet «Glimt» etter ei skøyte som i si tid tilhøyrde Jonas sin oldefar på Utsira. Fiskerinummeret R-54-U i baugen på Jonas sin båt er også identisk med det oldefaren hadde.

– Eg såg ein tilsvarande båt i Sagvåg for fleire år sidan, og blei så begeistra at eg fekk lyst å byggja ein tilsvarande til ein av våre eigne ungar, fortel pappa Marius Neraal.

Arkitektteikna

Han klarte å koma i kontakt med opphavsmannen til miniatyrskøyta på Stord. Det viste seg å vera den no pensjonerte arkitekten Karl Otto Gravdal. Gravdal hadde laga gode arbeidsteikningar til prosjektet sitt, og desse fekk Neraal låna.

Gravdal stadfestar dette overfor Vestavind. Det er første gong nokon har tatt kontakt med han for å byggja ein tilsvarande båt. Det synest han er stas. Gravdal fortel vidare at han bygde båten for ti år sidan til eit barnebarn. No er båten eit svært populært innslag på dei årlege Vervadagane på Jensaneset i Sagvåg i slutten av august.

– Kanskje dreg me dit for å visa fram vår båt også, fortel Neraal til Vestavind.

Kryssfinér og teak

Neraal fortel vidare at han har bygt båten av kryssfinér og noko teak. Han har plussa på med nokre detaljar i tillegg til teikningane han fekk låna av Gravdal. Framdriftsmaskineriet er ein elektrisk påhengsmotor på ei hestekraft.

– Han gjer overaskande god fart med denne vesle motoren, fortel ein stolt båtbyggar, som følgjer sonen med augo når han tøffar rundt inne på Buavågen.

Sjuåringen er godt båtvant og dessutan forsiktig fordi han er svært redd for den unike farkosten sin. Han har eiga fløyte om bord og varslar med tydelege lydsignal når han fartar omkring.

Båtinteressert familie

Ikkje berre Jonas, men heile familien stortrivst i båt, kan pappa fortelja. Ikkje minst i trebåt. Dei har mellom anna ei god, gammal collin archer-skøyte og var i ferd med å rigga seg til tur i Sunnhordland med denne då Vestavind slo av ein prat.

Powered by Labrador CMS