nyhende
Fekk ekstra stønad til rullestol-karusell
Førde Bygdalag sende ein søknad om støtte til ein karusell alle kan bruka, enten dei går eller sit i rullestol. Torsdag tikka det inn ei gladmelding til leiar Tor Inge Flåten. — Veldig positivt, seier han.
Han ante fred og ingen fare då mobilen gav lyd frå seg torsdag.
— Eg var på dugnad då eg fekk vita det, seier Tor Inge Flåten, leiar i Førde Bygdalag.
Der var det ei melding om at Kultur-og Likestillingsdepartementet har innvilga bygdalaget sin søknad om stønad med 184.000 kroner.
Kjem i mai
Det skal gå til ein såkalla universelt utforma karusell. Det vil seia at alle kan bruka den, også dei som til dømes sit i rullestol.
Departementet har ei ordning der ein kan søka tilskot til inkluderande tiltak. Den komande karusellen var tydelegvis midt i blinken.
— Den er på veg og kjem i løpet av mai, seier Flåten.
No gjenstår det å velja kva fallunderlag som skal vera på leikeplassen. Leiaren i bygdalaget seier stønaden frå departementet er til stor hjelp.
— Med desse pengane trur eg me kjem langt på veg til fullfinansiering, seier Flåten.
Kjekt å vere bodbringar
Og gladmeldinga kom ikkje frå departementet, men ein litt meir lokal representant.
— Det var Linn Therese Erve (ordførar, Ap) som informerte meg, seier Flåten.
Ordføraren fortel at ho berre vidareformidla bodskapet frå departementet, og at det sjølvsagt er ei glede å få vera den som fortel det.
— Det var veldig kjekt. Dei gjer utruleg masse god jobb. Eg veit dei har jobba mykje for å få pengar til leikeplassen, og dette vert eit flott supplement til kva dei har der nede, seier Erve.
Måndag 15. mai får alle innvilga søkarar beskjed, så Førde Bygdalag går inn i helga med gladnyheita på forskot.
Til saman var det 1.363 søknadar, og bygdalaget vart ein av 338 mottakarar.