nyhende
Fekk breiflabb-beist på 35 kilo
– Det var ei stor oppleving og me var utruleg heldige, seier Anne-Beth Sandvik.
Ekteparet Anne-Beth og Jarle Sandvik fekk ein stor breiflabb i garnet sitt på lørdag. Familien er busett på Fastlands-Karmøy, men brukar hytta på Tittelsnes så ofte dei kan. Det var der dei drog opp beistet.
– Det er ganske imponerande, og ikkje minst utruleg kjekt for Ronja, dotter vår på tre år. Ho tykte det var enormt spennande med den store fisken, og var det første ho fortalde då ho kom i barnehagen måndag, fortel Anne-Beth.
Garnet blei sett fredag ettermiddag, eit lite stykke ut, og på andre sidan av vika for Ålfjorden Brygge der familien har hytte. Laurdag morgon var det tid for garntrekking.
Fangsten sprengde vekta
– Heldigvis får eg vel sei, så hadde breiflabben stått i garnet ei stund, slik at han var relativt roleg. Men me måtte passa veldig på då den skulle opp i båten. Me sat i ein liten Pioner, så då mannen min drog den svære fisken opp, måtte eg sørga for motvekt for å halda båten stabil, fortel Anne-Beth Sandvik.
Vel i hamn med fangsten var det klart for veging. Men dei fekk ikkje voge breiflabben eksakt då vekta gjekk berre til 25 kilo. men dei tippar på nærmare 35 kilo. Av rein fisk og filet var det rundt 10 kilo.
Klart for familliemiddagar
– Me kjem nok til å invitera på familiemiddagar framover, opplyser Sandvik som ser for seg å grilla eller baka fisken i steikeomnen. Ho har forresten også sjekka kiloprisen på breiflabb i butikk, den er rundt 400 kroner kiloet.
Også ein gong tidlegare har familien Sandvik fått breiflabb i garnet, og dét nesten på same plassen. Den gongen delte dei fiskelukka med ein hyttenabo.
Etter å ha fått storfangsten heim, blei dei siste to garna trekt. Det viste seg at også der var det fangst, både med sei, lyr og eit par makrellar. Hummarteina derimot har til nå vore tom.