Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Fekk avslag på permisjonssøknad etter fem månader
Den 6. juni i år søkte Kjartan Moe Hustvedt (MDG) permisjon frå sine politiske verv i Sveio frå august til midten av januar 2026. Først måndag i denne veka blei søknaden lagt fram for kommunestyret til avgjerd.
Det utløyste ein engasjert debatt der representantar frå fleire parti tok ordet. Merkeleg nok var det ingen av dei som stilte spørsmål ved den lange saksbehandlingstida. I sakspapira seier rådmannen dette om årsaka til at det har tatt fem månader frå søknad til endeleg avgjerd:
Kapasitetsutfordringar
– På grunn av kapasitetsutfordringar i administrasjonen i samband med stortingsvalet 2025, har behandlinga av søknaden diverre blitt forseinka frå rådmannen si side.
Hustvedt er medlem av kommunestyret og leiar i kontroll- og kvalitetsutvalet. Han søkte om mellombels fritak frå desse verva fordi han i den aktuelle perioden har foreldrepermisjon.
– Då kan dagane og kveldane fyllast med planlegging av aktivitetar og babykos heller enn sakspapir og møte, skriv han mellom anna i søknaden.
Hustvedt har meldt forfall til alle politiske møte sidan han starta på foreldrepermisjonen.
Ikkje permisjonsgrunnlag
Debatten i kommunestyret kom til å handla om prinsippa for fritak.
Hustvedt er heldig som får bruka tida si til samvær og til å bli kjent med eit nytt barn. Ikkje noko er kjekkare enn det, men belastninga er ikkje tilstrekkeleg til at det gir grunnlag for permisjon, meinte Carl Enoksen (H), som var den første på talarlista.
Olav Østebø Olsen (SV) var einig i dette, sjølv om Sveio har hatt ein liberal praksis når det gjeld velferdspermisjonar. Det same sa Rune Teikari (Frp), som meinte det har vore praksis å følgja tradisjonen meir enn å reflektera over grunnlaget i kvart einskild tilfelle. Difor helsa han debatten velkommen.
Den einaste som gjekk inn for å innvilga søknaden om permisjon, var Hustvedt sin vararepresentant Ole Ørjan Hov (MDG). Han argumenterte ut frå det som har vore praksis i Sveio der det ofte har vore nok å grunngi søknaden med «personlege årsaker».
Fleirtalet snudde
Vedtaket om å seia nei til permisjon i dette tilfellet er i samsvar med rådmannen si innstilling. I formannskapet var det derimot fleirtal for å gi permisjon, men dei som utgjorde fleirtalet i formannskapet, snudde i kommunestyret utan å å forklara kvifor.
– Eg er ikkje sur for dette, men under meg over kvifor dei snudde, seier Kjartan Moe Hustvedt sjølv.
Han følgde debatten via kommune-TV.
– Eg meiner rett til fritak i samband med foreldrepermisjon burde vore eit alternativ for alle folkevalde. Me er ulike, og for min del kjenner eg at eg ikkje har overskot til politisk arbeid i denne perioden. Eg har kutta ut arbeid, studier og anna for å vera saman med vesle Elisabeth. Det står eg for og angrar ikkje på det, seier han.
Hustvedt seier han reknar med å melda forfall til politiske møte i resten av den tida foreldrepermisjonen hans varer.
Avklaring
Sidan debatten fekk eit prinsipielt preg, er Hustvedt glad for at den neste som kjem i same situasjon raskare kan få et klart svar.
– Kva tenkjer du om at det tok fem månader å få eit endeleg svar på søknaden din?
– Det har eg eigentleg ikkje tenkt så mykje over. Eg fekk jo også tidleg tilbakemelding om at det ikkje var tradisjon i Sveio å gi fritak på grunn av foreldrepermisjon.
Godtgjering til nestleiar
I kommunestyret sitt vedtak heiter det også at forskrifta om godtgjersle til folkevalde er slik å forstå at dersom ein leiar av eit utval har forfall til alle møta i ein halvårsperiode utan at det er valt mellombels leiar, skal godtgjersla for denne perioden betalast til nestleiaren. Dette gjeld i dette tilfellet for nestleiaren i kontroll- og kvalitetsutvalet.